Walisisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Walisisk språk)
Walisisk
Cymraeg, y Gymraeg
Klassifisering Indoeuropeisk

 Keltisk
  Øykeltisk
   Brittonsk

Talarar walisarar
Bruk
Tala i Storbritannia
Område Wales, (Chubut-Tal i Argentina)
Walisisktalande i alt over 580 000
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Wales
Språkkodar
ISO 639-1 cy
ISO 639-2 wel/cym
ISO 639-3 cym

Walisisk, kymrisk eller velsk er eit p-keltisk språk, og høyrer saman med dei bretonsk og kornisk til den brittonske undergruppa av dei keltiske språka. Det blir snakka i Wales av rundt 580 000 menneske, noko som gjer det til det største keltiske språket. I Wales er walisisk, attmed engelsk, offisielt språk og skulespråk. Det finst to dialektar, ein nordleg og ein sørleg.

Til skilnad frå bretonsk er walisisk svært levande, det blir vidareført til barn som morsmål, og det blir brukt i alle samfunnsmessige situasjonar. Perspektiva for å halde på språket er dermed relativt gode. Walisisk blir snakka i samanhengande område, i nord er dei også i fleirtal, med opptil 70 %. I løpet av dei siste ti åra er den prosentvise delen av talarar konstant, men i absolutte tal er det ein svak framgang. I Wales er det ei eiga folkeforsamling, National Assembly for Wales / Cynulliad Cenedlaethol Cymru, som er aktivt når det gjeld åtgjerder for bevaring av walisisk. Språket fungerer også som eit symbol for walisarar, også for dei som ikkje kan walisisk.

Etter folketeljinga i 2001 snakkar over 20 % av walisarane språket. 7 % av folket oppgav å ha i det minste noko kunnskap i walisisk. Dermed kan vel 70 % av walisarane ikkje forstå walisisk i det heile. At utsiktene til å halde på språket likevel er gode, kjem framfor alt av at engelsk stort sett berre blir funne i byane, mens walisisk blir snakka på store delar av landsbygda. Sjølv om det bur færre menneske på landsbygda, bur mange av dei i heilt walisiskspråklege samfunn.

I tillegg til i Wales blir walisisk snakka i Chubutdalen i den argentinske provinsen Chubut i Patagonia.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Det walisiske skriftspråket er relativt konservativt. Alfabetet består av desse bokstavane (merk digrafane):

a b c ch d dd e f ff g ng h i j l ll m n o p ph r rh s t th u w y

ch, dd, ff, ng, ll, ph, rh og th fungerer som einskildbokstavar, og blir også alfabetisert som det i ordbøker. k, q, v, x og z blir ikkje brukt i walisiske ord; j opptrer berre i engelske lånord. Vokalar kan vere korte eller lange. Alle ubetonte vokalar er korte, bortsett frå når dei er markert med grav aksent (à, è osb.). Lang er betonte Vokale foran b, ch, d, dd, f, ff, g, s, th, enkel n, enkel r; unntatt når dei er markert med sirkumfleks (â, ê osb.).

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Sjå også: Uttale av walisisk

Trykket ligg på nest siste staving, med eit par unntak: brénin = «konge», brenhínes = «dronning», breninésau = «dronningar». Eitt av desse unntaka er Cymráeg = «walisisk».

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Walisisk har desse konsonantfonema:

  Bilabial Labiodental Labiovelar Dental Alveolar Alveolar
lateral
Postalveolar Palatal Velar Glottal
Plosiv p  b       t  d       k  g  
Affrikat             tʃ  dʒ      
Nasal (m̥)  m       (n̥)  n       (ŋ̊)  ŋ  
Frikativ   f  v   θ  ð s  (z) ɬ ʃ   x h
Trill         r̥  r          
Approksimant     w     l   j    

/z/ opptrer berre i uassimilerte lånord; ustemte nasalar /m̥/, /n̥/, /ŋ̊/ opptrer berre som resultat av initial konsonantmutasjon.

Endringar i framlyd[endre | endre wikiteksten]

Eit særtrekk ved walisisk, og ved andre øykeltiske språk, er framlydsmutasjonane (wal. treigladau). Under visse vilkår blir den initiale konsonanten i eit ord erstatta med ein annan konsonant.

Framlydsmutasjon kan bli utløyst av ordet til venstre (artikkel, possessivpronomen, preposisjon), eller via den syntaktiske posisjonen eller funksjonen ordet har i setninga (subjekt, objekt, adverbial).

Det finst ulike typar framlydsmutasjonar: Leniering (soft mutation, treiglad meddal), Nasalisering (nasal mutation, treiglad trwynol) og aspirasjon (aspirate mutation, treiglad llaes).

Possessivpronomenet i 2. person eintal dy («din») løyser ut lenisering; 1. person eintalfy («min») utløyser nasalisering; og 3. eintal feminin ei («hennar») aspirasjon.

Tabellen nedanfor viser effektane av framlydsmutasjonen (i.f. = ikkje forandring, dvs, grunnforma blir brukt):

Grunnform Leniering Nasalisering Aspirering
pen – «hovud» dy ben fy mhen ei phen
tad – «far» dy dad fy nhad ei thad
ci – «hund» dy gi fy nghi ei chi
brawd – «bror» dy frawd fy mrawd [i.f.]
dant – «tann» dy ddant fy nant [i.f.]
gwallt – «hår» dy wallt [1] fy ngwallt [i.f.]
mam – «mor» dy fam [i.f.] [i.f.]
llaw – «hand» dy law [i.f.] [i.f.]
rhan – «del» dy ran [i.f.] [i.f.]

[1] g forsvinn som følgje av leniskering.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Den normale, umarkerte ordstillinga i walisisk er Verb – Subjekt – Objekt, walisisk er eit VSO-språk:

Rhoddodd yr athro lyfr i'r bachgen.
Gav -en lærar [ei] bok til -en gut

«Læraren gav guten ei bok.»

Adjektiv kjem som regel etter substantivet som det står til:

y ddraig goch
[den] drake raud

«den raude draken»

Namnord[endre | endre wikiteksten]

Walisisk skil mellom han- og hokjønsnamnord. Kjønsskilnaden er synleg berre i eintal.

Fleirtal kan bli danna på ulike sett:

  • ved å leggje til ei fleirtalspåstaving: afal «eple» – fl. afalau;
  • med omljod: Cymro «Walisar» – fl. Cymry;
  • med påstaving og omljod: nant «elv» – fl. nentydd.
  • Mange namnord avleier eintalsforma av fleirtalsforma ved å leggje til ei påstaving:
    • sêr «stjerner» – ent. seren
    • adar «fuglar» – ent. aderyn

Adjektiv[endre | endre wikiteksten]

Ei lita gruppe adjektiv har eigne feminine former

  • trwm «tung» – fem. trom
  • gwyn «kvit» – fem. gwen

Genusbøyinga av adjektiv er ikkje stabil.

Walisisk gradbøyer adjektiva i komparativ, superlativ og ekvativ («så … som»):

Positiv Ekvativ Komparativ Superlativ
teg (cyn) deced tecach tecaf
vakker så vakker vakrare vakrast-

Preposisjonar[endre | endre wikiteksten]

Walisisk bøyer preposisjonane sine:

ar – «på»
Sg. Pl.
1 arnaf – «på meg» arnom – « på oss»
2 arnat – « på deg» arnoch – « på dykk»
3 m. arno – « på han» arnynt – « på dei»
f. arni – « på henne»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Britta Schulze-Thulin: Walisisk – Wort für Wort, 192 Seiten, Reise Know-How Verlag, ISBN 3-89416-571-5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipediawalisisk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.