Ordstilling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I språktypologi refererer ordstilling til den umarkerte rekkjefølgja av dei sentrale setningsledda, særleg subjekt, objekt og (finitt) verb (verbal), delvis også adverbial.

Ordstillingstypar[endre | endre wikiteksten]

  1. SOV-språk er m.a. japansk, tyrkisk, koreansk, kanuri og oromo
  2. SVO-språk er m.a. engelsk, fransk, swahili og fulfulde
  3. VSO-språk er t.d. (klassisk) arabisk, tamasjek, irsk og hawaiisk
  4. VOS-språk er t.d. fijiansk, madagassisk og tzeltal
  5. OSV-språk er t.d. xavante og sardisk
  6. OVS-språk er t.d. hixkaryana

OS-språk, og særleg OVS-språk, er svært sjeldne, og vi veit framleis lite om syntaksen deira.

Fraseintern ordstilling[endre | endre wikiteksten]

Det er mogleg å sjå to hovudtypar innanfor fraseintern ordstilling, kjerneinitiale og kjernefinale frasar. Viss kjernen i ein frase blir definert som den delen som avgjer distribusjonen til frasen, deler vi frasane inn i om kjernane kjem før eller etter komplementet sitt. Norsk har t.d. kjerneinitiale preposisjonsfrasar («Vi flyg om Oslo»), der finsk har kjernefinale postposisjonsfraser («Me lennetään Oslon kautta»).

Det har blitt hevda at SOV-språk konsekvent har kjernefinale frasar og modifiserande adverbial framfor frasane dei modifiserer, mens SVO-språk er meir blanda, og kan ha både kjerneinitiale og -finale frasar. Men også SOV-språka er blanda. Afrikanske SOV-språk som oromo (kusjittisk) og kanuri (saharisk) har kjerneinitiale nominalfrasar. Dei germanske SOV-språka som er V2-språk oppfører seg som SVO-språk.