Walsh County
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto av eit torvhus i Walsh County, heim til John Bakken og kona Marget, born av norske innvandrarar. Fotografiet var motiv då postverket i USA i 1962 markerte 100-årsminnet om Homestead Act, og av det norske Postverket i 1975 då ein mintest det var 150 år sidan nordmenn byrja utvandre til USA. Fotograf Fred Hultstrand i Park River var av svensk ætt.
Walsh County er eit fylke nordaust i den USA-amerikanske delstaten Nord-Dakota med grense mot delstaten Minnesota i aust. Flatevidda åt fylket er 3 352 km², 32 km² er dekt av vatn. Fylket vart grunnlagt i 1881.
I kring 11 000 menneske bur i fylket, flest i småbyen Grafton som hyser fylkesadministrasjonen. Eit par mil lenger vest ligg landsbyen Park River.
39,7 % av ibuarane i fylket var norskætta ifylgje folketeljinga av 2000, 14,6 % tyskætta, 8,7 % polskætta og 8,0 % av tsjekkisk ætt.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Walsh County, North Dakota» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mai 2021.