Waltraud Kretschmar
Waltraud Kretschmar | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 1. februar 1948 Lehnin |
Død | |
Idrett | handball |
Tok del i |
handball at the 1976 Summer Olympics – women's tournament, handball at the 1980 Summer Olympics – women's tournament |
Utmerkingar |
Fedrelandets fortjenstorden i sølv |
Waltraud Kretzschmar, fødd Hermann og skild Czelake, (1. februar 1948–7. februar 2018) var ein tysk handballspelar frå Kloster Lehnin i delstaten Brandenburg. Med Aust-Tysklands landslag vart ho verdsmeister tre gongar i rad; 1971, 1975 og 1978. Gjennom fleire sesongar på 1970-talet vart Kretschmar rekna som verdas beste handballspelar på kvinnesida.
Kretschmar spelte på SC Leipzig frå 1964 til ho la opp i 1980. I denne perioden vart ho austtysk meister ti gongar, og ho var med om å vinne eyuropacupen i 1966 og 1974. Dessutan lukkast ho og Leipzig vinne den europeiske cupvinnarcupen både i 1967, 1970, 1972 og 1977.
Gjennom ein periode på 15 år deltok Kretschmar i 217 landskampar for Aust-Tyskland og skåra 727 mål. Ho var med å sikre VM-gull for det austtyske landslaget både i 1971, 1975 og 1978. I 1976 vann ho OL-sølv under Sommar-OL i Montreal, fire år seinare vart det bronsemedalje då dei olympiske sommarleikane fann stad i Moskva.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Waltraud Kretschmar» frå Wikipedia på tysk, den 3. desember 2018.