Montreal
| Montréal | |||
| by | |||
|
|||
| Motto: Concordia Salus – «Frelse av harmoni» | |||
| Kallenamn: City of Mary (Ville-Marie) | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Provins | Quebec | ||
| Areal | 498 km² | ||
| Folketal | 1 762 949 (2021)[1] | ||
| Grunnlagd | 1642 | ||
| Tidssone | EST (UTC-5) | ||
| • Sommartid | EDT (UTC-4) | ||
| Postnummer | H | ||
| Retningsnummer | 514 og 438 | ||
![]() Montreal 45°30′12″N 73°35′13″W / 45.5033426°N 73.5868411°W | |||
| Wikimedia Commons: Montreal | |||
Montreal eller Montréal er den nest største byen i Canada, og den største i den canadiske provinsen Quebec. Opphavleg vart byen kalla Ville-Marie («Maria by»), men vart omdøypt til Montréal på 1700-talet, eit namn som kjem frå det franske Mont Royal («Kongeleg fjell»), som var namnet på ein ås med tre toppar i hjarte av byen.
Tidlegare var Montreal det største storbyområdet i Canada (i dag er det Toronto), men er den nest største fransktalande byen i den vestlege verda etter Paris. Ei folketeljing i 2021 talde 1 762 949 innbyggjar i sjølve Montreal. Montreal er det 15. største storbyområdet i Nord-Amerika[2] og det 74. største i verda. 70 % av innbyggjarane er fransktalande, medan resten har engelsk eller andre minoritetsspråk som morsmål.
Montreal ligg sørvest i Quebec, om lag 200 km sørvest for provinshovudstaden Québec og 150 km aust for Ottawa, hovudstaden i Canada.
Montreal arrangerte Verdsutstillinga i 1967 (Expo '67), og var vertsby for Sommar-OL 1976.
Université de Montréal er det største franskspråklege universitet i byen med rundt 50 000 studentar. Universitetet ligg i området Côte des Neiges, og har fleire ulike fakultet innanfor kommunikasjon, språk, medisin mfl. Der er fleire engelskspråklege universitet, og det mest kjende er McGill University.
Folk frå Montreal
[endre | endre wikiteksten]- Guy Stewart Callendar (1897-1964), britisk klimatolog og ingeniør
- Saul Bellow (1915–2005), forfattar og nobelprisvinnar
- Leonard Cohen (1934–2016), diktar og songar
- Gilles Villeneuve (1950-1982), racerbilsjåfør
- Celine Dion (f. 1968), songar
- Naomi Klein (f. 1970), journalist, forfattar og politisk aktivist
- Rufus Wainwright (f. 1976), musikar
- Martha Wainwright (f. 1976), songar
