WandaVision
Type | fjernsynsserie |
---|---|
Sjanger | dramaserie, superhelt-TV-program, miniserie |
Opphavsland | USA |
Sesongar | 1 |
Episodar | 2 |
Lengd | 26–36 min. |
Språk | Engelsk |
Skapar | Jac Schaeffer |
Produsent | Kevin Feige |
Basert på | Marvel Comics |
Regi | Matt Shakman |
Periode | 15. januar 2021– i dag |
Kanal | Disney+ |
WandaVision er ein amerikansk fjernsynsserie skapt av Jac Schaeffer for strøymetenesta Disney+, basert på Marvel Comics-karakterane Wanda Maximoff / Scarlet Witch og Vision. Serien går føre seg i Marvel Cinematic Universe, etter hendingane i 2019-filmen Avengers: Endgame. WandaVision var produsert av Marvel Studios, med Schaeffer som hovudforfattar og Matt Shakman som regissør.
Elizabeth Olsen og Paul Bettany held fram i rollene som Wanda Maximoff og Vision frå filmane, medan Debra Jo Rupp, Fred Melamed, Kathryn Hahn, Teyonah Parris, Randall Park og Kat Dennings deltek i andre roller.
WandaVision hadde premiere med dei to første episodane 15. januar 2021, og vil kringkastast i til saman ni episodar fram til 5. mars 2021. Serien fekk positiv mottaking frå kritikarar for hyllestene til eldre sitcoms og skodespelet til Olsen og Bettany.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «WandaVision» frå Wikipedia på engelsk, den 20. januar 2021.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- WandaVision ved The Internet Movie Database (IMDb)