Warrington
Utsjånad
| Warrington | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Cheshire | ||
| Distrikt | Sameint styresmakt | ||
| Folketal | 165 456 (2011)[1] | ||
| Grunnlagd | 700-talet | ||
| Postnummer | WA 1-5 og 13 | ||
| Retningsnummer | 01925 | ||
![]() Warrington 53°23′14″N 2°36′10″W / 53.38732°N 2.60288°W | |||
| Wikimedia Commons: Warrington | |||
Warrington er ein by med status som sameint styresmakt i Cheshire i England. Omkring tre fjerdedelar av folkesetnaden i distriktet bur i sjølve Warrington by, medan resten bur i omegnen som òg er inkludert i den sameinte styresmakta.
Historisk har byen høyrt til Lancashire, men han vart i 1974 slått saman med Lymm, Runcorn landdistrikt og delar av Warrington landdistrikt og overført til Cheshire. I Redcliffe-Maud-rapporten vart det foreslått at distriktet skulle høyre til Stor-Manchester, men dette vart endra på grunn av lobbyverksemd. Lokalbefolkninga ville helst fortsetje å høyre til Lancashire, men dette var ikkje mogleg fordi distriktet då ville vorte ein eksklave. I 1998 fekk Warrington status som sameint styresmakt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Warrington» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2011.
