Wałbrzych
Wałbrzych | |||||
---|---|---|---|---|---|
Książborga/Fürstensteinborga i Wałbrzych | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Voivodskap |
Polen Nederschlesiske | ||||
Grunnlagd Byrettar |
800-talet 1400 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
84,70 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
125 773 1485/km² | ||||
Koordinatar | 50°47′0″N 16°17′0″E / 50.78333°N 16.28333°E | ||||
Høgd over havet | 350 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 58-300 til 58-309, 58-316 | ||||
Telefon-retningsnummer | +48 074 | ||||
Bilnummer | DB | ||||
Nettstad: www.um.walbrzych.pl |
Wałbrzych (tysk Waldenburg) er ein by i Nederschlesiske voivodskap sørvest i Polen med om lag 125 000 innbyggjarar (2006). Frå 1975–1998 var han hovudstad i Wałbrzych voivodskap. Han ligg om lag 70 km sørvest for regionshovudstaden Wrocław og om lag 10 km frå grensa til Tsjekkia.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei eldste skriftlege kjeldene om byen går tilbake til 1100-talet. Mellom 1100- og 1300-talet, under Piast-dynastiet vart Książborga (Fürstensteinborga), (polsk Zamek Książ) og festninga Nowy Dwór bygd. Waldenburg fekk byrettar på 1400-talet. Etter at Piast-familien døydde ut kom Waldenburg inn under dei schlesiske riddarfamiliane, først Schaffgotsche, seinare Czettritze og frå 1738, Hochberg-familien, eigarar av Fürstensteinborga fram til 1941. Kolgruvedrift i området vart nemnd for første gong i 1536. Waldenburg vart omforma til eit industrisenter i det austlege tyskland på byrjinga av 1800-talet, då kol- og veveindustrien blømde. I 1843 fekk byen første jernbanesamband, som knytte han til Breslau (Wrocław). Tidleg på 1900-talet vart det bygd eit glasverk og ein stor porselensfabrikk, som framleis er i drift i dag. I 1939 hadde byen om lag 65 000 innbyggjarar.
Byen kom relativt uskadd frå den andre verdskrigen og voks raskt etter krigen. På byrjinga av 1990-åra vart kolgruvene rundt byen stengd.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wałbrzych» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juni 2008.