Wrocław

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wrocław
Hovudplassen
Hovudplassen
Hovudplassen
Flagget til Wrocław Byvåpenet til Wrocław
Flagget til Wrocław Byvåpenet til Wrocław


Plassering
Wrocław is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Polen
Nederschlesiske voivodskap
Grunnlagd
Byrettar
900-talet
1262
Borgarmeister Rafał Dutkiewicz
Geografi
Flatevidd
 - By

293,00 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2014)
 - Storbyområde

633 105
1 030 000
Koordinatar 51°7′″N 17°2′″EKoordinatar: 51°7′″N 17°2′″E
Høgd over havet 111 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 50-041 til 54-612
Telefon-retningsnummer +48 71
Bilnummer DW
Nettstad: www.wroclaw.pl

Wrocław (tysk Breslau, tysk schlesisk Brassel; tsjekkisk Vratislav; latvisk Vroclavas; latin Vratislavia eller Wratislavia) er ein by vest i Polen. Byen ligg ved elva Odra (tysk: Oder). Byen har 633 105 innbyggjarar (2014) og eit flatevidd på 293 km². Byen høyrde til fram til slutten av den andre verdskrigen Tyskland og heitte då Breslau.

Som i dei andre delane av det som i dag er den vestre delen av Polen vart innbyggjarane av byen drivne ut etter den andre verdskrigen. Mange av polakkane som flytta til byen kom frå område aust i det gamle Polen. Polen var flytt vestover ved at landet fekk lagt til delar av Tyskland, medan område i aust vart lagt inn under den dåverande Sovjetunionen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen på 1600-talet

Namnet på byen er av slavisk opphav og tidlege kjelder viser at byen i mellomalderen var kjent som Wrocisławpolsk og Vratislavtsjekkisk, som tydde Wrocisław/Vratislav sin by. Det polske namnet vart seinare fonetisk forenkla to gonger: Wrocisław >> Wrotsław >> Wrocław, og det siste namnet er vorte nytta sidan 1200-talet.

Den tsjekkiske skrivemåten vart brukt i latinske dokument som Wratislavia eller Vratislavia, medan polsk uttale gjorde seg òg gjeldende som vist i forma Wracislavia. På den tida vart den germaniserte forma Prezla brukt på middelhøgtysk, som så vart til Preßlau. Tidleg-nyhøgtysk (og seinare nyhøgtysk) brukte forma Breslau.

Ifølgje ein teori er byen kalla opp etter ein person kalla Wrocisław/Vratislav, (truleg Fyrst Vratislav I av Bøhmen), ifølgje ein annan teori kjem namnet på byen frå ein polsk hertug med namnet Wrócisław, som tyder «han vil kome vidkjend tilbake» på (gammal)polsk.

Gjennom historia har Wrocław/Breslau vore del av forskjellige statar (før 1945):

Eldre historie[endre | endre wikiteksten]

Ifølge tradisjonen vart Wrocław grunnlagt av den tsjekkiske hertugen Vratislav, som herska i åra 915-921. I 990-åra kom byen, som resten av Schlesien (Śląsk), under piastane Mieszko I og Bolesław I sine styre. Piastbyen oppstod på Ostrów Tumski, som den gongen var ei øy. Med tida vart det urbane senteret overført til venstre sida av elva Odra, dagens Stare Miasto.

Under mongolinvasjonen i 1241 vart innbyggjarane i byen evakuert, og byen delvis øydelagd. Wrocław vart gjenoppbygd og fekk Magdeburgrettar i 1262, og mottok, etter Śląsk-piastane sitt initiativ, fleire tyske immigrantar.

Under mesteparten av mellomalderen vart Wrocław styrt av piastane, og var dessutan medlem av Hansaen (fram til 1474). I 1335, etter Henrik VI døydde, vart byen, i samsvar med tidlegare avtaler, overført til den tsjekkiske krona.

I åra 1469-1490 var byen del av Ungarn. Frå 1526 vart han styrt av habsburgarane, med ein no for det meste tyskspråkleg folkesetnad av bøhmisk, moravisk, schlesisk og polsk avstamming, som for det meste gjekk over til lutheranismen under reformasjonen. Frå den tid av vart byen kjent under namnet Breslau.

Gullalderen til byen gjekk mot slutten med trettiårskrigen, og sjølv om sjølve byen ikkje vart øydelagt, lei dei nærliggande områda store tap. I 1741 gjekk byen over til Preussen som følgje av Den austerrikske arvefølgjekrigen, og mista alle privilegia sine. «Til gjengjeld» vart han utropt til den tredje kongelege residensen ved sidan av Berlin og Königsberg (Königliche und Residenziale Hauptstadt Breslau).

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

Rådhuset i Breslau på postkort frå 1900

I 1806 vart Preussen del av Det tyske forbundet, og Breslau vart den sjette største byen i riket og eit av dei viktigaste kultur-, industri- og vitskapssentra i Tyskland. Han tredobla innbyggjartalet mellom 1860 og 1910. Trass i den dei mange tyskarane var Breslau framleis eit sterkt polsk sentrum, med fleire polske organisasjonar i verksemd. Etter at nazistane hadde kome til makta, auka forfølginga av polske innbyggjarar i byen i omfang. Samstundes byrja ei omfattande "deslavisering" av Schlesien, der mellom anna gamle polsk- og slavisklydande namn på tettstader vart endra. Under den andre verdskrigen vart ein stor del av den jødiske folkesetnaden på 10 000 i byen drepen av nazistane, og same lagnad møtte mange tsjekkiske og polske fangar.

Den raude arméen nærma seg byen i februar 1945 vart Breslau utropt til festningsby (Festung Breslau) av den fanatiske nazisten Gauleiter Karl Hanke, som leidde forsvaret av byen på ein meiningslaus måte og nekta folkesetnaden å forlate byen. Då han så sette i gang ei omsynslaus organisert tvangsevakuering av sivile, fraus 18 000 i hel på grunn av ein særs hard vinter og mangel på transportmiddel. For å byggje festningsverk under omleiringa vart fangar frå konsentrasjonsleirar nytta til slavearbeid. På grunn av kampane vart to tredelar av byen øydelagd, og 40 000 innbyggjarar og tvangsarbeidarar vart drepne. Den strategisk uvesentlege Festung Breslau kapitulerte 7. mai 1945, som siste av dei viktigare byane i det historiske Aust-Tyskland.

I samsvar med Potsdamkonferansen sine avgjerder vart Wrocław gjeninnlemma i Polen, den gjenverande tyske folkesetnaden deportert til Tyskland, og byen busett med polakkar. Desse kom hovudsakleg frå Sentral-Polen, men bestod òg av mange fordrivne frå austlege område i Polen (først og fremst frå byane Lviv, Vilnius og Hrodna), som Sovjetunionen hadde annektert. I dei første vanskelege etterkrigsåra låg byen òg under sovjetisk administrasjon, som hadde ein politikk som ikkje alltid var samstemt med Polen sine interesser.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Ratusz (Rådhuset)
Ein del av torget i Wrocław

Trass i omfattande krigsøydeleggingar overlevde mange av dei originale bygningane i Wrocław krigen, og etter krigen vart gamlebyen gjenoppbygd til sin opphavlege venleik. I dag er han ein unik by i europeisk samanheng, med arkitektur påverka av bøhmisk, austerriksk og prøyssisk stil. Dei fleste bygningane er bygde i gotikk- og barokkstil. Wrocław har òg modernistiske bygningar, den mest kjente Hala Ludowa (Jahrhunderthalle), skrive inn på UNESCO si liste over kulturarv i verda.

Wrocław består av fleire øyar, og den eldste bydelen er Ostrów Tumski, som opphavleg òg var ei øy. Her finn ein mellom anna katedralen, St. Martin-kyrkja og Heilagkrosskyrkja, alle unike i europeisk samanheng og bygd i gotikkstil, i likskap med dei fleste av Wrocław sine kyrkjer.

Av interesse er heile gamlebyen, først og fremst torget med sine kjøpmannshus. Torget er den nest største plassen i Europa (etter marknadsplassen i Kraków). Her ligg dessutan den arkitektoniske perla i byen – det gotiske rådhuset.

Av andre attraksjonar kan ein nemne St. Elisabeth-kyrkja, St. Maria Magdalena-kyrkja, Universitetet (ein av dei mest verdifulle bygningane frå barokken i Europa) og den klassisistiske operabygningen. Wrocław er òg kjend for den zoologiske hagen, og det er fleire parkar i byen, mellom anna Szczytnicki-parken, med Den japanske hagen (Ogród Japoński).

Wrocław er dessuten kjend for sine om lag 220 bruer.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Wrocław