Wegger Peak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wegger Peak
fjell
Land  Antarktis
Topp King George Island
 - koordinatar 62°6′S 58°31′W / 62.100°S 58.517°W / -62.100; -58.517
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Wegger Peak
62°06′00″S 58°31′00″W / 62.1°S 58.5167°W / -62.1; -58.5167
Wegger Peak is located in Antarktis
Wegger Peak (Antarktis)

Wegger Peak er eit fjell, 305 moh, på vestsida av innløpet til Mackellarfjorden i Admiralty BayKing George Island i Sør-Shetlandsøyane. Namnet «Le Poing» (Knytneven) vart gjeve til ei høgd i dette området av Den franske antarktisekspedisjonen under Charcot i 1908-10. Sjølv om kartet til Charcot syner ein enkel fjelltopp her, er det fire fjelltoppar i nærleiken og det var uklårt kva for ein Charcot hadde namngjeve. I 1958 vart det foreslått av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) at namnet kunne syne til alle fire. United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) avslo dette og nye namn vart tilrådd av UK-APC i 1960. Wegger Peak er kalla opp etter Ole Wegger (1859–1936), direktør i 47 år på Framnæs Mekaniske Værksted i Noreg, skipsverftet som utrusta «Admiralen» med ein slipp for kvalfangst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Wegger Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).