Weimarrepublikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tysk historie

Det tyske flagget

Weimarrepublikken (tysk Weimarer Republik) er eit namn som ofte vert nytta om Tyskland i perioden 1919 til 1933. Omgrepet kjem av at den tyske Riksdagen møttest i Weimar for å vedta ei ny grunnlov i 1919. Weimargrunnlova vart vedteken den 11. august. Samlinga fann stad i Weimar på grunn av uro i Berlin. Kommunistar prøvde å ta makta og kjempa mot konservative frikorps, sosialdemokratar og restane av hæren.

Weimarrepublikken vert skildra som eit liberalt demokrati. Tyskland var i denne tida prega av stor spenning og indre politiske konfliktar, noko som medførte ofte skifte av regjeringar. Det var òg til tider store økonomiske problem. I 1920-åra vart det sterk inflasjon, mellom anna på grunn av at det skulle betalast erstatning etter fyrste verdskrigen.

Byrjinga på slutten til Weimarrepublikken kom då presidenten Paul von Hindenburg utnemnde Adolf Hitler til rikskanslar den 30. januar 1933.

Geografisk inndeling av dei tyske statane i 1925
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.