Wernher von Braun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dr. Wernher von Braun ved kontoret sitt i 1964.

Dr. Wernher Magnus Maximilian Freiherr von Braun (23. mars 191216. juni 1977) var ein tysk rakettforskar og romfartspioner. Han var ein av dei leiande forskarane i både det tyske rakettprogrammet og seinare for USA. Under andre verdskrigen arbeida han med dei tyske V2-rakettane, verdas første ballistiske missil. Etter krigen vart han teken til fange og frakta til USA der han jobba med det amerikanske romfartsprogrammet Braun vart amerikansk statsborgar i 1955.

Wernher von Braun arbeidde som leiar for Redstone-programmet i Huntsville frå 1950. I 1960 vart han direktør for Marshall Space Flight Center i Alabama, og leidde utviklinga av Saturn V-raketten. Frå 1970 til 1972 var han vise-direktør i NASA. Etter at den amerikanske kongressen vedtok omfattande budsjettkutt for organisasjonen, bestemde han seg for å forlate jobben. Braun vart så visepresident for Fairchild, eit luft- og romfartskonsern.

Den 16. juni 1977 døydde Wernher von Braun av kreft.

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.