Weronika Nowakowska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Weronika Nowakowska

Weronika Nowakowska (crop).jpg

Statsborgarskap Polen
Fødd 7. juli 1986
Kłodzko
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2010

Weronika Nowakowska (fødd 7. juli 1986) er ein polsk skiskyttar frå småbyen Duszniki-Zdrój i det sørvestlege Polen, som vann to medaljar under VM i skiskyting 2015 i Kontiolahti.

Nowakowska overraska stort då ho kom på femteplasen i 15 km normalprogram under Vinter-OL 2010 i Vancouver. Nesten like overraskande var det at ho skulle vinne sølvmedaljen i 7,5 km sprint då VM i skiskyting 2015 fann stad i finske Kontiolahti. Med prikkfri skyting heldt ho alle andre enn {{Marie Dorin Habert]] bak seg på resultatlista. Trass i tre strafferundar på den etterfylgjande jaktstarten lukkast ho ta bronsemedaljen. Utanom desse tre tre tevlingane har Nowakowska aldri vorte betre enn nummer seks i verdscupen i skiskyting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]