Westinghouse Electric

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Westinghouse Electric
Westinghouse Design Mark.jpg
Westinghouse Electric Company (1888 catalogue).jpg
Skipa8. januar 1886
EigarViacomCBS Sjå dette på Wikidata
HovudkontorCranberry Township Sjå dette på Wikidata
LagnadFusjonert
Etterfølgjar

Westinghouse Electric Corporation er eit tidlegare amerikansk industriselskap med base i Pittsburgh. Det vart grunnlagd i 1886 av George Westinghouse.[1] Selskapet vart danna på grunnlag av at Westinghouse hadde overteke patentrettane til Nikola Tesla for vekselstraumteknikk. Det utvikla infrastruktur for elektrisitetsbruk i heile USA, og verka etterkvart innan ei rekkje felt som spente frå produksjon av turbinar, generatorar, motorar og anna utstyr til elektrisitetsproduksjon,[2] elektrotekniske konsumvarer og kjerneteknikk.[3]

I 1890 bygde selskapet Ames Hydroelectric Generating Plant i Colorado, verdas første kommersielle kraftverk for å produsera og senda ut vekselstraum. I 1937 bygde Westinghouse det første kjernekraftverket i USA, The Westinghouse Atom Smasher.[4]

I 1995 tok Westinghouse over kringkastingsselskapet CBS. Deretter skilde det ut og selde storparten av industriverksemda si, mellom anna til forsvarsindustrikonsernet Northrop Grumman. I 1997 bytta det namn til CBS Corporation.

I 1998 blei elektrisitetsdelen av verksemda, Power Generation Business Unit, seld til tyske Siemens AG. Eit år seinare selde CBS heile kjernekraftverksemda si til British Nuclear Fuels Limited (BNFL). I samband med dette blei rettar til nament Westinghouse Electric Corporation overførte til dette dotterselskapet. Westinghouse Electric Company blei seld vidare til japanske Toshiba i 2006.[5] Varemerket Westinghouse blir styrt av Westinghouse Licensing Corporation, eit dotterselskap til ViacomCBS.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]