Widemouth Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Widemouth Bay
bukt
Widemouth Bay from the south.jpg
Land Flag of the United Kingdom (3-5).svg Storbritannia

Widemouth Bay
50°46′60″ N 4°34′0″ W
Wikimedia Commons: Widemouth Bay
Widemouth Bay om sommaren

Widemouth Bay er ei bukt og ei strand på atlanterhavskysten av Cornwall i England i Storbritannia, om lag 5 km sør for Bude. Denne kyststrekninga vart mykje nytta av smuglarar i tidlegare tider og like sør for Widemouth Bay finst mange små viker og bukter.[1]

Aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Stranda vert mykje nytta til surfing og symjing, og her er badevakter om sommaren. Fleire surfeskular held til ved stranda.[2] Her finst òg fleire kafear, pubar og butikkar.

Transatlantiske kablar[endre | endre wikiteksten]

Åsane heller slakt ned mot bukta og fleire undersjøiske kablar over Atlanteren går i land akkurat her. Fleire av desse er viktige koplingar mellom Storbritannia og USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Widemouth Bay

Koordinatar: 50°47′N 4°35′W