Diskusjon:Nynorsk nettleksikon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit allment leksikon på nynorsk på Internett[endre wikiteksten]

15. – 17. april 2005 hadde Noregs Mållag Landsmøte, og ei av fråsegnene som vart vedtekne der, lyder:

Slepp nynorsken til som digitalt språk
Stortinget har gjennom Kulturmeldinga gått inn for ei systematisk styrking av nynorsken fram til 2013. For å få til denne satsinga, må nynorsken sleppast til som IKT-språk.
[For] å få fram fleire oppdaterte kunnskapskjelder for nynorsk, er det òg naudsynt med nynorske parallellutgåver av digitale læremiddel.
Særleg viktig er det no å få eit allment leksikon på nynorsk på Internett. Eit slikt leksikon vil vere til nytte for ei rad tiltak og mange brukargrupper, t.d. skuleelevar, studentar, medarbeidarar ved arbeidsplassar som brukar nynorsk og det allmenne publikumet. Det er ei statleg oppgåve å gå aktivt inn i finansieringa, og stø opp om dei planane Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum har lagt opp til i så måte.

(Understrekinga er mi.)
--Verdlanco\diskusjon 30. mai 2005 kl. 0955 (UTC)


Nynorsk Wikipedia vs. SamlagsCaplex[endre wikiteksten]

Økonomi[endre wikiteksten]

Nynorsk Wikipedia har ein ganske sterk sak når det gjeld økonomi. Frå november i fjor (?) til no (april 2005) har Nn.wikipedia vokse til over 6 000 artiklar. Det er (for å nytte eit tabloid uttrykk) rekordfart! Ein har fri tilgang til artiklar frå eit av verdas største leksikon — nemleg wikipedia på alle språk — og vil nytte den tilgangen -kostnadsfritt- til å utvide den nynorske kunnskapsbasen. Dét skjer utan at vi må lønne omsetjarar eller artikkelforfattarar. Tenarplass har vi frå The Wikimedia Foundation, men det kan kanskje vere ønskjeleg å utvide med dediserte tenarar i Noreg/Skandinavia òg. Det vil uansett vere snakk om småsummar i forhold til utgiftene med eit kommersielt og proprietært produkt.

Nynorsk som kultur og levande språk[endre wikiteksten]

Nynorsk Wikipedia er eit strålande døme på at nynorsk er eit levande språk, trass i at nokre meinar det motsette. Difor er det viktig at samfunnet ikkje legg hindringar i vegen for eit sopassa vellukka prosjekt som kan stå i fronten for å fremje og marknadsføre nynorsk som det levande språket det er.

Kvalitet[endre wikiteksten]

Artiklane i Nynorsk Wikipedia er oftast særs utdjupande og gode. Til samanlikning med Store Norske eller CapLex ser ein at svært mange artiklar i desse "storebrørne" ville vorte merka som stubbar i Nynorsk Wikipedia. Dei er enkelt og greitt ikkje utdjupande nok. Nynorsk Wikipedia er eit heilt annleis oppslagsverk, som ikkje har teke utgangspunkt i ei papirutgåve, og då heller aldri har måtta avgrense artikkellengdene.

Artiklane i wikipedia vert reviderte kontinuerleg av brukarane. Alle kan gå inn og rette, og det er mogeleg å diskutere om ein tykkjer ein utvald artikkel (eller ein "påstand" i artikkelen) er korrekt eller feil, samstundes som ein har gode ordningar for å fange opp "hærverk" kjapt.

Begge desse punkta gjer Wikipedia mykje meir levedyktig, kvalitetsmessig, enn nokon proprietære og tradisjonsbundne leksikon.

Open informasjonsspreiing[endre wikiteksten]

Nynorsk Wikipedia byggjer på opne standardar, noko som gjer at det vert lettare å spreie informasjonen vi publiserar, enn å spreie den proprietære informasjonen Samlaget ønskjer å spreie. Fordi det er mogeleg for alle (kommersielle eller ikkje-kommersielle) å nytte informasjonen i wikipedia fritt til eigne føremål, fører Nynorsk wikipedia naturleg nok til at det vert lettare å ta i bruk ei nynorsk kjelde. Då vert nynorsk informasjon forhåpentlegvis nytta oftare.

For nynorsk som språk er det viktig at det finnes ein kunnskapsbase med informasjon som alle kan nytte til det dei ønskjer. Wikipedia legg minimale avgrensingar på bruken av informasjonen, medan Samlaget og Cappelen kjem til å krevje streng kopirett og (truleg) lisenspengar for kommersiell bruk av informasjonen. Nynorsk vert nytta lite i kommersiell samanheng i dag, og det viser seg at kommersielle aktørar er generelt skeptiske til å nytte nynorsk. Då er det viktig at ein gjer informasjonen so enkelt og opent tilgjengeleg som mogeleg.

Om SamlagsCapLex (SamLex?)[endre wikiteksten]

Fakta om Nynorsk Leksikon - Aasentunet[endre wikiteksten]

Det som står i kursiv er saksa frå Fakta om Nynorsk Leksikon på www.aasentunet.no:

Løysing
Samlaget, Cappelen og Nynorsk kultursentrum er dei tre hovudsamarbeidspartnarane. Samlaget og Nynorsk kultursentrum gjennomførte i 2002 på eigen kostnad eit forprosjekt som resulterte i ein omfattande rapport om å lage Nynorsk leksikon på tre år. Plattforma frå forprosjektet gjeld framleis:

-Vart opne standardar vurderte i det forprosjektet? Har dei sett på økonomien i å nytte den dugnadsanden og kompetansen som allereie finnes i nynorskmiljøet?
  • Bruke den same tekniske og brukarvennlege løysinga som for Caplex, som i dag ligg gratis på Internett
-Caplex har ei god nettløysing. Det har Wikipedia òg :) Skilnaden er at Wikipedia utviklar seg heile tida, og at det er brukarane sjølve som utviklar oppslagsverket. Det er ikkje ein redaksjon som forsøker å finne ut kva som passar brukarane (i alle fall ikkje i like stor grad som hos Caplex)
Eg vil påstå at Caplex har ei dårleg nettløysing. Det finst ikkje ein einaste hyperlink i tekstane, bileta er ofte av svært dårleg oppløysing, og søkefunksjonen er dårleg. Alt det er er ei elektronisk utgåva av papirutgåva. Bjarte 28. apr 2005 kl. 1354 (UTC)
  • Omsetje dei 65 000 artiklane i Caplex til nynorsk
-Dei fleste artiklane i Caplex ville gått som stubbar i Wikipedia. Dei er ikkje utdjupande og gode.
  • Supplere med 120 000 oppslagsord og artiklar frå ni oppslagsverk, og 90 000 frå Nynorskordboka
-Vi det seie at dei skal legge til 210 000 nye artiklar? Kva er skilnaden på "oppslagsord" og "artiklar" her..? Om dei får so mange artiklar har dei eit forsprang på oss når det gjeld tal på emne ein kan slå opp på.
  • Skrive 3 000 nye utdjupande artiklar om prioriterte emne
-Vi har allereie skrive 6 000 nye og utdjupande artiklar på om lag eit halvt år, og vi veks fortare og fortare.
  • 6 500 bilete og illustrasjonar
-Wikimedia Commons... Der trur eg òg vi står sterkt, men vi vert avgrensa av at vi er nøydde til å nytte illustrasjonar som er offentleg tilgjengelege, under GNU public license, eller liknande.
-Det vert eit leksikon på til saman 278 000 artiklar (eit svimlande tal - det er større enn Store Norske, trur eg), om "artiklar" og "oppslagsord" er det same. Kor lang tid tek det Nynorsk Wikipedia å komme opp i 278 000 artiklar? (Om det er slik at det er det talet "nynorsk Caplex" skal ha)
-Artiklane i Wikipedia er lengre og mykje betre enn Samlaget og Cappelen sine, det trur eg vi kan vere sikre på. Spesielt av di dei avgrensar seg til artikkellengder som vi kallar stubbar (jf. Caplex.no - der dei skal ha 65 000 artiklar frå)

Kva er nytt? Nynorsk leksikon vil innehalde mykje stoff som ikkje finst i tilgjengeleg form i dag. Det skal vere eit nettbasert leksikon med fast redaksjon som sikrar kvalitet og brukarvennlege løysingar.

-Nynorsk Wikipedia har ein flat organisasjon som opnar for enorm påverknad frå brukarane si side. Dessutan kan alle særinteresser representerast gjennom at dei sjølve sett seg ned og skriv om sine emner. Eit leksikon med ein smal redaksjon vil truleg ikkje få same artikkel-omfanget.

Eit økonomisk spleiselag og dugnad på nynorsk Vi veit korleis det bør gjerast. Vi veit kven som kan gjere det best. Vi manglar berre 21 mill. kr. Nynorsk leksikon blei i 2002 nøye kostnadsrekna, og det viste seg då at den løysinga vi går for, er 15 mill. kr billegare enn om eit leksikon skulle utviklast frå grunnen av redaksjonelt og teknisk. Vi står att med éin realistisk modell:

-Nynorsk Wikipedia er under utvikling - og har ikkje kosta nokon ting endå! Dei viser til forprosjektet sitt igjen, og det er tydeleg at dei aldri vurderte opne standardar der.
  • Samarbeidspartnarane: 21 mill. kr i investeringar i form av eigenfinansiering (50 %, sjå nedanfor)
  • Staten: 17 mill. kr i investeringar (40 %)
  • Eksterne kjelder: 4 mill. kr i investeringar (10 %)

Etter investeringar over 2,5 år treng vi frå og med tredje året om lag 2,5 mill. kr i årlege driftsmidlar eller tenestekjøp frå staten til drift. Ei rekkje samarbeidspartnarar er klare til å vere med på den dugnaden dette blir.

-2,5 millionar årleg? Kan Nynorsk Wikipedia komme til å trenge liknande summar i framtida? (m.t.p tenarar o.l.)

Seks av sju parti på Stortinget er for B.innst.S.nr.12 (2003-2004): "Flertallet [H, KrF, V, SP, SV, Ap] vil peke på det ansvar staten har for å sikre likeverdige læringsvilkår i en tid der digitale læremiddel stadig blir viktigere og der det satses bevisst på å utvikle lærestoff på Internett. Det er viktig at også nynorskbrukere har tilgang på kvalitetssikrede kunnskapskilder i elektronisk form."

-Kjenner dei godt nok til korleis Wikipedia fungerar - kjenner dei i det heile til oss..? Her kan det vere at vi treng ei lita kampanje, om vi ser oss tente med det.

Regjeringsalternativet har alt slutta seg til B.innst.S.nr.2 (2004-2005): "Medlemene i komiteen frå Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet har i samband med dette merka seg at det i dag ikkje finst noko oppdatert leksikontilbod på nynorsk og at nynorskelevar i både grunnskulen og den vidaregåande skulen treng fleire oppdaterte kunnskapskjelder. Desse medlemene meiner eit allment leksikon på nynorsk på Internett vil vere eit viktig bidrag til ei styrking av den nynorske skriftkulturen. Desse medlemene ber Regjeringa ta omsyn til dette i arbeidet med prioriteringar av tiltak i budsjettet for 2006."

-Eg trur alle desse tre partia (i alle fall SV og truleg Sp) vil sjå nytta i eit levande og fritt (som i fridom :) ) brukarmiljø om dei får ei forståing for kva det faktisk er. Det ville vore ei falitterklæring frå i alle fall SV ikkje å tykkje vel om Wikipedia :) - Dessutan har alle tre partia programfesta at staten bør støtte opp om dugnadsinnsats og det arbeidet frivillige organisasjonar gjer i Noreg.

Regjeringa kan ta grep i statsbudsjettet for 2006 Valgerd Svarstad Haugland: "For å verta trygg på sitt eige må ein ha tilgang til sitt eige. Det gjeld for lesing så vel som for skriving. Difor forstår eg argumentasjonen bak det som frå nynorskmiljøa er definert som det nye viktige tiltaket: eit allment nynorsk leksikon på Internett" (tale på landstinget i Landssamanslutninga av nynorskkommunar 24. april 2003).

-Det her høyres ut som ei prising av Nynorsk Wikipedia? Var det oss ho prata om? "tilgong til sitt eige - det gjeld lesing så vel som skriving".


Diskusjon[endre wikiteksten]

Kvalitetssikring[endre wikiteksten]

Eit ord som går att i argumentasjonen frå Samlaget & co., er kvalitetssikring. Vi må vera klare med solid dokumentasjon på at wikipedia sikrar kvaliteten på stoffet, so snart det vert ein debatt i media og blant politikarar om dette!
--Verdlanco\diskusjon 28. apr 2005 kl. 1416 (UTC)

Den mest anerkjente kvalitetstest er den som ble foretatt av engelsk WP sine oppføringer om naturvitenskap i tidskriftet Nature Forskning.no. Artikler på engelsk WP har gjennomsnittlig 10 redigeringer per artikler mens nn/no har 2-3. H@r@ld 28. mai 2006

Kvifor skal me vera mot (vs.) SamlagsCaplex?[endre wikiteksten]

Som Wikipedanar ser eg ikkje noko problem i at Samlaget vil laga eit nynorskleksikon. Det må dei svært gjerne gjera. Men eg kan sjå grunnar til at dei som arbeider for nynorskleksikon i Samlaget kan sjå nynorsk Wikipedia som noko anna enn berre bra, men dei grunnane er ikkje mykje edle, og knappast presentable i rein form («No får me kanskje ikkje pengar frå staten fordi dei andre allereide har gjort det me skulle få klekkeleg betalt for, og dei har gjort det heilt gratis!»). På den andre sida kan det ikkje vera noko god Wikipedia-sak å argumentera mot Samlags-leksikon heller. Dette er ei politisk sak, og ein får bruka politiske kanalar til å fremja/svekka saka. Ikkje kan eg sjå at nynorsk Wikipedia skal ha noko å tapa på at det kjem eitt til nynorsk leksikon heller, same om det skulle verta knallbra (men som nynorsking synest eg ikkje lovnadar om omsetjing av Caplex og eit lass oppslagsord teke rett frå Nynorskordboka høyrest ut som det leksikonet me har krav på!). No kan ein sjølvsagt drøyma om at desse (enno svært fiktive) milionane kunne ha gått til The Wikimedia Foundation, Inc. i staden, men så enkelt er det vel ikkje i politikken? Jorunn 28. apr 2005 kl. 1615 (UTC)

Nynorskordboka er ein skatt! Mange av oppslagsorda er like gode som Caplex sine, såh! -- Ranveig 28. apr 2005 kl. 1917 (UTC) (som heller ikkje trur me vil vinna noko på å slost mot prosjektet)
So sant, so sant; alle nordmenn skulde slå opp minst 10 ord um dagen der, so vart det schwung på målføringi! –Jarle 28. apr 2005 kl. 2029 (UTC) (som no vil setja Nynorskordboka til startsida)
Eg er ikkje mot SamlagsCaplex (sjølv om det kanskje verkar sånn), eg likar berre ikkje denne måten å bruke pengane på. -- Larsivi 28. apr 2005 kl. 2012 (UTC)
Eg lyt òg presisere at eg ikkje trur vi har noko å tene på å legge oss i ein kamp med mål om å "ta over for" Samlaget sitt nettleksikon, for det er trass alt eit "vedteke" prosjekt. Det vil heller ikkje tene oss noko særleg å skape splid mellom oss og andre "nynorsk-prosjekt" - det beste er om ein kunne samarbeidd tettare. Men det kan vere at det går, som sagt, an å nytte Samlaget sitt prosjekt til å profilere Wikipedia som eit godt prosjekt. Sånn utanom det er det jo ingen som tek skade av at nynorskbrukarar har to oppslagsverk å leite i - det er jo flott. (Utanom gjennom bruk av skattepengar, men eg går ut i frå at det er eit prosjekt som Samlaget kjem til å tene ein del pengar på, og då er jo det positivt på den måten) kurtber 28. apr 2005 kl. 2107 (UTC)
Eg er no prinsipielt imot at Samlaget fyrst skal få millionar frå folket (staten) og deretter mjølka pengar frå det, men det er vel ikkje fleirtalssynet her til lands... –Jarle 28. apr 2005 kl. 2114 (UTC)

Eg er langt frå yvertydd, men noko segjer meg at me lyt vera på banen når det er teikn på politisk vilja til å nytta 41 millionar til eit nynorskt oppslagsverk. Tenk um desse pengane helder kunde nyttast t.d. til å «frikjøpa» materiale som Sogn og fjordane fylkesleksikon, syta for eigne norske tenarar osb. Me greider oss nog utan, men det vilde hjelpa! Eg tenkjer òg at dersom alle samlar seg um Wikipedia er det betre enn å delast i tvo flokkar, der den eine (dvs. oss) ikkje vil kunna gjera nytta nytta av arbeidet åt den andre (dvs. Samlaget). –Jarle 28. apr 2005 kl. 2029 (UTC)

Kunne vi kanskje overtala Staten til å gje millionane til Samlagets artikkelredaktørar med krav om at dei resulterande artiklane skal leggjast inn i Wikipedia òg? Så kunne Samlaget få alle våre artiklar og spara seg sjølve mykje arbeid! Det burde vel vera tillete juridisk sett, dersom dei oppgjev i sitt leksikon at artiklane er henta frå wikipedia?
(I Wikipedia vil artiklane sjølvsagt leva vidare etter artikkelutvekslinga/kopieringa, og etter kvart verta mindre og mindre like Samlaget sine.)
--Verdlanco\diskusjon 28. apr 2005 kl. 2141 (UTC)

Kostnadsutrekning[endre wikiteksten]

Det er vanskeleg å gjette kva dei treng dei årlege pengane til utan å ha sett grunnlaget for utrekningane, men det er vel sannsynleg at dei først og fremst skal gå til å vedlikehalde innhaldet ettersom datalagring og bandbreidde ikkje bør koste så mykje. -- Larsivi 28. apr 2005 kl. 2012 (UTC)