Nynorsk nettleksikon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nynorsk Nettleksikon er ei nemning på ulike prosjekt for å laga til leksikoninternett, redigert på nynorsk. Eit argument for å laga til nynorske nettleksikon er at det er lenge sidan det er kome ut eit nynorsk leksikon i bokform. Siste store leksikon på nynorsk var Norsk Allkunnebok.

Nynorsk Wikipedia[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk Wikipedia, som vart starta 31. juli 2004, er bygd opp etter Wikipedia-modellen. Det inneber at artiklane er skrivne på dugnad, og at alt innlagt stoff kan brukast fritt.

Allkunne[endre | endre wikiteksten]

Allkunne er eit digitalt nynorsk oppslagsverk, drive av Allkunne AS. Oppslagsverket vart offisielt opna 20. oktober 2009. Tekstane er henta frå den nynorske kulturhistoria (i vid tyding), men på sikt vil det òg kome tekstar om andre emne.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

På konferansen Nynorsk innhald på Internett i november 2004 vart det drøfta å setje i gang eit slikt prosjekt. I forprosjektet vert det lagt vekt på at det skal vera ein fast redaksjon som sikrar kvalitet og brukarvennlege løysingar. Forlaga Det Norske Samlaget og Cappelen er med på samarbeidet, men ein har kome fram til at det trengst stønad i tillegg. Ein reknar med at eit slikt leksikon vil vera eit pengemessig underskotsprosjekt, men argumenterer for at prosjektet vil vera kulturelt viktig. Den redaksjonelle profilen til prosjektet er det gjort greie for i ein rapport skrive av Oddmund Hoel, der det går fram at satsingfelta for det nynorske nettleksikonet bør vere:

  1. norsk språk og norsk litteratur (norskfaget)
  2. norsk historie, kultur og tradisjonar (m.a. tradert kultur)
  3. regional og lokal informasjon
  4. språklege og kulturelle tilhøve globalt
  5. media og informasjonsteknologi
  6. nynorsk skriftkultur
  7. samisk språk, kultur, historie og samfunn

Fleire politikarar har gått inn for at eit slikt prosjekt bør få særskilt pengestønad.

Saka om nynorsk nettleksikon vart særskilt teke med i Soria Moria-erklæringa, det politiske grunnlaget for regjeringa Stoltenberg II. «Regjeringen vil (...) stimulere til økt bruk av nynorsk i media, og bidra til finansiering av et nettbasert nynorsk leksikon.»

I sitt framlegg til statsbudsjett for 2006, sette regjeringa Stoltenberg av ei løyving på 1,5 millionar kroner til eit allment nynorsk leksikon på internett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]