Wikipedia-diskusjon:Pressemeldingar/100 000 artiklar/Brev til Tajik

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette er mitt forslag til brev til kulturministeren ~~ Hogne (diskusjon) 3. april 2013 kl. 22:03 (CEST)[svar]

Emne: Nynorsk Wikipedia passerer 100 000 artiklar – vi ber om kommentar frå kulturministeren

I desse dagar passerer Nynorsk Wikipedia 100 000 artiklar.

Nynorsk Wikipedia er eit fritt oppslagsverk på nynorsk og ein del av Wikipedia-prosjektet. Det vart oppretta i 2004 og vert kalla «Wikipedia – Det frie oppslagsverket». Nynorsk Wikipedia byggjer på wikikonseptet. Det vil seie at alle som ynskjer det, kan skrive nye artiklar eller endre gamle artiklar som dei ynskjer det.

I Soria Moria-erklæringa frå 2005 står det «Regjeringen vil (...) stimulere til økt bruk av nynorsk i media, og bidra til finansiering av et nettbasert nynorsk leksikon.» Oppslagsverket er i ferd med å oppfylla denne lovnaden frå 2005 om eit nynorsk nettleksikon, berre takk vere frivillige bidrag og gåver.

Kven er vi? Vi er faste brukarar og administratorar på Nynorsk Wikipedia. Det vil seie at vi tar ekstra ansvar for at artiklane held god kvalitet og at det er ryddig og eit godt språk i nettleksikonet. Nokre av oss har også organsert oss i støtteorganisasjonen Wikimedia Noreg. Vi plar samlast på «Samfunnshuset», som er ei open diskusjonside i administrasjonsdelen av Nynorsk Wikipedia.

Kva ynskjer vi å oppnå? Eit leksikon kan alltid bli betre. Det er alltid fleire artiklar å skrive og å betre. Vi ynskjer difor blest, og at eit slik jubileum skal bli skrive om i pressa. Ein kommentar frå kulturministeren som vi kan sitere, vil auke nyhendeverdien, og vi trur at fleire presseorgan vil ta inn meldinga vår og at dette kan føre til at fleire skriv for oss og les oss.

Vi vil difor gjerne at du kan gje ei uttale i denne samanhengen.

Dette er teksten vi planlegg å sende ut:

Nynorsk Wikipedia passerte i dag 100 000 artiklar med artikkelen «<den aktuelle artikkelen>». Nynorsk Wikipedia er den største nynorske tekstprodusenten på nett, og den 45. største Wikipedia-utgåva blant alle språka leksikonet blir laga på.[1] Kvar månad er det meir enn 8 millionar oppslag mot Nynorsk Wikipedia, og det er verdt å merke seg at det er meir enn dobbelt så mange oppslag mot Nynorsk Wikipedia som mot islandsk.[2]
Sidan skipinga i juli 2004 har Nynorsk Wikipedia vakse seg til ein velbrukt nynorsk nettstad som driv allmennopplysing. Oppslagsverket er dermed i ferd med å oppfylla Soria Moria-lovnaden frå 2005 om eit nynorsk nettleksikon, berre takk vere frivillige bidrag og gåver.
Etter at nynorskrettskrivinga av 2012 tredde i kraft, har Nynorsk Wikipedia oppdatert dei eldre artiklane til den gjeldande rettskrivinga. Nettleksikonet vil på denne måten vera eit nyttig verktøy også for å læra seg den nye rettskrivinga. Nynorsk Wikipedia markerer dessutan språkåret med å lenkje til eit nytt språk på framsida kvar dag i 2013.
Nynorsk Wikipedia har for det meste god kvalitet, og det er ei rekkje akademikarar, ingeniørar og andre fagpersonar som skriv artiklar. Nynorsk Wikipedia er truleg det beste verket om meteorologi og jordbruksmaskiner på norsk. Det er likevel mykje som gjenstår før Nynorsk Wikipedia kan nå opp til dei krava lesarane set. Til dømes bør helsefagleg personell kvalitetsikre artiklar på nettleksikonet sidan nokre av dei mest lesne artiklane er relatert til anatomi og sjukdomar.
Wikimedia Noreg er ein organisasjon som støttar Wikipedia-arbeid i Noreg. I desse dagar er dei i ferd med å tilsetje to medarbeidarar, med støtte frå Wikimedia Fundation i USA. Dette vil på sikt gjere organisasjonen i stand til å utføre prosjekt for å betre kvaliteten på nettleksikonet.
Nynorsk Wikipedia vurderer også å be om løyvingar frå styresmaktene for å gjennomføre slike prosjekt.


Med beste helsing Hogne Neteland for Samfunnshuset på Nynorsk Wikipedia.

Kommentarar[endre wikiteksten]

  • Burde vi hatt underskrift frå fleire her?
  • Er det mogeleg å sende det frå ei wikipedia-adresse?
  • Kan nokon ta ein korrektur?
~~ Hogne (diskusjon) 3. april 2013 kl. 22:03 (CEST)[svar]


Det enklaste er at nokon ringer kulturdep, ved rådgjevaren til ministeren Håvard Fossbakk (22 24 78 30) og seier kva det gjeld og at vi gjerne vil ha ei uttale. stykkjet (diskusjon) 4. april 2013 kl. 12:48 (CEST)[svar]
Formuleringa «berre takk vere» var litt intrikat. Kanskje «berre» kan fjernast? --Sigmundg (diskusjon) 4. april 2013 kl. 13:33 (CEST)[svar]