Wikipedia-diskusjon:Retningsliner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


Skikk og bruk for nye redaktørar[endre wikiteksten]

Flytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 14:04 (UTC)
Det kan henda eg er litt for mykje av ein nysgjerrigper, men eg kikkar innom nokre brukardiskusjonar iblant og vert somme gonger overraska over kor mange teskjeiar som trengst for einskilde redaktørar. Kunne me hatt ein slags crash test instruksjon for nye redaktørar som med klåre ord fortalde kva som er omtykt og ikkje, som me kunne henvisa til dersom det vart bruk for? --Eddi (Snakk) 5. mai 2005 kl. 0124 (UTC)

Nyskjerrigper er du jo på ingen måte, dersom det ikkje var meininga du skulle lesa det så hadde du jo heller ikkje kunna lesa det. Dersom du ikkje hadde kunna lesa det hadde du heller ikkje funne ut at det var behov for ei slik side som du etterlyser. --Guttorm 8. september 2005 kl. 20:47 (UTC)

Overskrift for peikarar vekk frå Wikipedia[endre wikiteksten]

"På verdsveven" er ikkje ei god overskrift for desse (Wikipedia ligg òg på verdsveven). Sjå Wikipedia-diskusjon:Strukturering for ein diskusjon og ei avstemming som aldri blei heilt ferdig. Eg synest fortsatt "Bakgrunnsstoff" er ei god overskrift som femner om det meste. Å gjera det tydeleg at det er snakk om ei ikkje-wikipedisk side, til dømes ved å skriva "på vagbladet.no", er ofte òg ein fin ting. -- Ranveig 30. mars 2006 kl. 06:33 (UTC)

Kjeldebruk[endre wikiteksten]

I samband med bl.a. lokalhistorie er heimelsfolk ei viktig kjelde. Eg trur vi bør arbeide inn ein bit om korleis vi brukar slike kjelder, korleis vi oppgjev dei og i kva samanhengar og utstrekning vi kan bruke dei. Det er etter mitt syn viktig at vi ikkje sperrar heilt for bruk av slike kjelder, ettersom dei er nyttige for lokalhistorieemna. (Men det er sjølvsagt best om ein i størst muleg grad kan underbyggje fakta med skriftlege kjelder òg — inkludert bygdebøker.) -- Olve 15:00, 22 april 2007 (CEST)