Wikipedia-diskusjon:Stjerne til vekas artikkel i iw-lenkjene

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stjerne i margen[endre wikiteksten]

Det finst ein mal Link FA som skal gje artiklar som har vore vekas artikkel på andre språk stjerne i margen. Eg meiner å hugse at vi har slike, og at dei fungerer, men eg får ikkje til å setje dei inn, t.d. i Torino eller Lapplands län (der dei skal gå til bokmål). Kva er det eg overser? Trondtr 10:55, 3 desember 2006 (CET).

Stjerne i margen er, såvidt eg har forstått, kun dei artiklar som andre språk har merka som Featured articles. Gode artiklar får ein grøn + i margen, men eg veit ikkje om noko for vekas artiklar.--Anders 12:52, 3 desember 2006 (CET)
Men det funkar ikkje. Sjå t.d. svensk språk, som er FA på engelsk, og ikkje har stjerne i engelsk iw hos oss, men derimot har stjerne i iw-lista på bokmål. Trondtr 13:39, 3 desember 2006 (CET).
Eg ser det no. Du har rett, det er noko rart der... --Anders 13:53, 3 desember 2006 (CET)

Dette har blitt drøfta litt før og stjerna møtte då litt motstand: Wikipedia-diskusjon:Interwikilenkjer#Stjerne_i_interwikilista (for første gong fann eg noko berre ved å leita i kjellaren!). Eg trur stjerna kan vera i det minste litt nyttig, og kan gjerne prøva å legga henne inn. --Ranveig 01:26, 4 desember 2006 (CET)

Fransk Wikipedia nyttar ei stjerne for å markera gode artikklar: http://fr.wikipedia.org/wiki/Nombre_réel (klikk på stjerna) --Sigmundg 01:48, 4 desember 2006 (CET)
Eg trur me bør vere varsame med å ta endelege konklusjonar ut av diskusjonar få deltek i. Særleg når ein får slike trådar som denne, i etterkant. Tyder på at få har vore var diskusjonen, eller undervurdert viktigdomen av den. Ideelt sett bør viktige diskusjonar avgjerast med stemmer, slik at folk som elles ikkje plar delta i me too diskusjonar, kan verta høyrd. Anders 03:53, 4 desember 2006 (CET)

Ein anna ting, kva er vitsen med å sette inn malen forutan å sette inn stjerner? Eg ser inga funkjson. Anders 03:53, 4 desember 2006 (CET)

Det eg er mest interessert i er å sjå stjernene på dei andre wp-ane, då veit eg at eg kan gå dit for å finne meir. Trondtr
Sidan det tydelegvis er ein del interesse for å sjå stjerna, har eg lagt henne til MediaWiki:Common.js. Eg får henne ikkje fram i artiklane enno, men kanskje det tar litt tid før nye javaskript blir lasta? Me får sjå. --Ranveig 13:16, 12 desember 2006 (CET)
Eg får framleis ikkje fram stjerna. Korleis gjer de det? Hogne 09:53, 31 juli 2007 (CEST)
Det har framleis ikkje verka, så eg trur me kan gå ut frå at det ikkje berre er forseinka javaskript... Eg har no prøvd å kopiera både en: og nb:, men ingen av dei verka. Kan dessverre ikkje nok om html eller mediawiki til å finna ut kva som er gale. --Ranveig 19:43, 31 juli 2007 (CEST)
Dere bruker feil javaskript; det riktige er det som er på Brukardiskusjon:Hogne. Det tar som regel ganske lang tid før endringer i .js-filene trer i kraft, så man må nok smøre seg med litt tålmodighet… Jon Harald Søby 09:24, 15 august 2007 (CEST)

Er det nokon som veit kor lang tid det tar før dette får effekt? månader? år? Hogne 23:43, 18 august 2007 (CEST)

Eg spør som Hogne, eg har nett lagt inn {{mal:Link FA|fi}} på Uleåborg utan effekt. Men er det slik at javaskriptet berre ligg på Hogne si brukarside, og ikkje er kopiert inn der det skal vere kopiert inn, kor no det er? Trondtr 10:21, 26 august 2007 (CEST)
Skriptet som står på Hogne sine sider er limt inn på MediaWiki:Monobook.js‎ der Jon Harald Søby sa det skulle inn. Ser at det låg ein setning igjen som ikkje var fjerna etter det gamle skriptet. Eg har fjerna denne no, så kanskje det hjelper...eg anar ikkje. --Frokor 12:01, 26 august 2007 (CEST)
De må fjerne metoden (som for øvrig er full av feil) frå http://nn.wikipedia.org/wiki/MediaWiki:Common.js, evt. flytte relevante script opp frå Monobook.js. Slik eg forstå det er Common.js felles for alle stilsett (mao for alle brukarar). --Bep 14:03, 26 august 2007 (CEST)
Med «metoden» meiner du den tekststrengen som startar med «// BEGIN LindFA» og endar med «// END LinkFA», går eg ut i frå. Eg har no fjerna den (sida, derimot, står). Same streng (omtrent) står allereie på Monobook.js, og er identisk med den som står på bokmål, der stjernene fungerer. Kan det vere noko med namnet? Malen heiter «Link UA» på nb, «Link FA» hos oss, men blir referert til som «LinkFA». Status quo er at det framleis ikkje virkar. I mangel av akkurat det hadde tips til dokumentasjon vore velkomen. Trondtr 22:30, 26 august 2007 (CEST).
Eg hadde alt fjerna metoden på common.js, og sette inn skriptet som stod på monobook.js. Årsak for at eg ikkje gav beskjed om dette tidlegare. Det virka derimot framleis ikkje då heller. --Frokor 22:53, 26 august 2007 (CEST)
Monobook.js inneheld ein del feil pga. linjeskift som har forskyvd seg, funksjon-deklarasjonar som er blitt flytta opp i kommentarfelt etc. Det betyr i praksis at det ikkje funkar (og då ikkje berre Link FA), parseren i nettlesaren klagar... --Bep 22:59, 26 august 2007 (CEST)