Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 52, 2022

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forslag 1: 2012-fenomenet

Pleiadane, ei stjerneklyngje ein trur har verka inn på hendingane i 2012

2012-fenomenet var ei rekkje eskatologiske syn om at transformative eller katastrofale hendingar ville henda på eller kring den 21. desember 2012. Denne datoen vart sett på som sluttdatoen for ein 5126 år lang syklus i den lange mesoamerikanske kalenderen, og høgtidelege tilstellingar fann stad 21. desember 2012 for å minnast hendinga i landa som var del av mayasivilisasjonen, med hovudarrangement på Chichen Itza i Mexico og Tikal i Guatemala.

Ulike astronomiske formasjonar og numerologiske formlar vart føreslått for denne datoen. Ei New Age-tolking meinte at datoen markerte starten på ein periode der Jorda og innbyggjarane der ville gå gjennom ein positiv fysisk eller åndeleg transformasjon, og at 21. desember 2012 ville markera byrjinga på ein ny æra. Andre meinte at datoen markerte verdas undergang eller ein liknande katastrofe. Scenario som vart føreslått for verdas ende inkluderte framkoma av det neste solmaksimumet, ein interaksjon mellom Jorda og det supermassive svarte hòlet i sentrum av galaksen eller at Jorda ville kollidera med ein mytisk planet kalla Nibiru.

Forskarar frå ulike disiplinar avfeia raskt spådommar om katastrofale hendingar etter kvart som dei oppstod. Mayanske lærde uttalte at ingen klassiske mayakodeksar føreseier undergang som er venta å inntreffa snart, og at ideen om slutten på den lange kalenderen i 2012 gav ei feilaktig framstilling av mayahistorie og kultur. Astronomar avviste dei ulike framlagde dommedagsscenaria som pseudovitskap tilbakevist av elementære astronomiske observasjonar. Les meir …