Wikipedia-diskusjon:Wikidata

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Omgrep på norsk[endre wikiteksten]

Datasett for engelsk item er omstridd, og eg tilråd at det ikkje blir prøvd innarbeidd før det eventuelt er konsensus for å bruke det, så langt er det ingen argument for datasett i d:Wikidata:Diskusjon#Omgrep_i_brukargrensesnitt. Derfor tar eg avstand frå denne tilbakestillinga: [1] --Roar (diskusjon) 1. april 2013 kl. 11:24 (CEST)[svar]

Datasett er det ordet som vert bruka i brukagrensesnittet og det som nye brukarar vil møta. item finst berre i den engelske språkutgåva. Det er det einaste som gjeld her; sida her skal spegla det som faktisk vert nytta på Wikidata. «datasett» her skal berre endrast om/når teksten i brukargresnesnittet er endra. --Njardarlogar (ordskifte) 1. april 2013 kl. 11:55 (CEST)[svar]

Datasett/Item på engelsk?[endre wikiteksten]

Korleis fungerer det med namngjeving av datasett og kva språk ein har valt i Wikidata? Eg har berre arbeidd med engelsk som språk til no, og har derfor lagt inn items-namn på engelsk og skildring på engelsk. Sidan eg har babel-boksar for nynorsk og andre språk, så legg eg det gjerne inn denne informasjonen for desse språka òg, i boksane som har oppstått under. Er det slik at om ein har valt nynorsk som språk (og ingen babelboksar), så får ein berre høve til å leggje inn namn og språk på nynorsk, eller skal det framleis vere på engelsk? For datasettet på Wikidata skal vel helst ligge under det engelske namnet, eller? I så fall så bør det vere med i guiden òg. I tillegg til at namn på datasett som ikkje er særnamn skal ha små bokstavar i tittelen. --Frokor (diskusjon) 1. april 2013 kl. 14:54 (CEST)[svar]

Fant ut av det. Med nynorsk språk så legg ein berre inn namn for nynorsk. Har ein engelsk, som er default, så må ein passe på å legge inn nye datasett på engelsk. --Frokor (diskusjon) 1. april 2013 kl. 15:04 (CEST)[svar]

Praktisk hjelp - innlegging i artikkel[endre wikiteksten]

No har eg lagt Europanto inn under nn på Wikidata. Men nn-artikkelen visast berre i nokre språk. Og korleis får eg lenkje til Wikidata inn i nn:Europanto-artikkelen? --Knut (diskusjon) 8. april 2013 kl. 19:39 (CEST)[svar]

Det tar litt tid før dei visast, på grunn av kortidsminnet på servaren (trur eg). Hos oss kan du gå inn på "Sjå historikken" på sida og klikke "Oppdater interwikilenkjene frå Wikidata for denne sida". På andre wikiar kan du t.d. gå inn på historikken og byte ut "=history" i url-en med "=purge". Eller du kan vente. Det skal i utgangspunktet berre ta nokre minutt før sidene er oppdaterte, men i desse dagar med mykje bot-aktivitet på Wikidata (som overfører data frå dei andre wikiane) kan det ta opp til fleire dagar. --Frokor (diskusjon) 8. april 2013 kl. 20:02 (CEST)[svar]
Akkurat, då skal eg ta det med knusande ro. --Knut (diskusjon) 8. april 2013 kl. 20:32 (CEST)[svar]