Wikipedia-diskusjon:Wikipedia på nynorsk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Diskusjonen om no.wikipedia vs nb.wikipedia ser ut til å ha døydd litt ut på Vannposten på no.wikipedia, i forbindelse med kva nemning nn.wikipedia skal ha på statistikksidene til Erik Zachte vil eg gjerne få klarheit i vårt syn på kva me skal kalla Wikipedia både der og i språklenkjene på andre wikipediaer.

Nynorsk på engelsk[endre wikiteksten]

Brukar:BjarteSorensen har i e-post til Erik der han ber han kalla nn.wikipedia (språket) for "Neo-Norwegian", medan eg har bede han om å endra det til "Norwegian (Nynorsk)" som ligg tettare opp til nemninga som blir brukt av ISO-639-2-standarden ("Norwegian Nynorsk") og det som eg trur me har komme fram til i diskusjonen om nb.wikipedia på e-post listene og vannposten på no.wikipedia ("norsk (nynorsk)"). Forståeleg nok har Erik lyst på ei avklaring... Eg meinar alternativa er:

  1. Neo-Norwegian
  2. Norwegian Nynorsk
  3. Norwegian (Nynorsk)

og tykkjer me skal bruka det siste (3) alternativet. Eg vil gje Erik tilbakemelding om dette når me er einige her.

Einig i at (3), evt. (2), er best. Neo-Norwegian bør berre brukast om bokmål blir "Book-tongue" eller noko liknande, og det ser eg ikkje heilt for meg... Ranveig 28. nov 2004 kl. 20:16 (UTC)
Eg er samd i at 3 bør nyttast, sidan det er dette me kom fram til på diskusjonslistene i ettertid. Men for å pirke litt så fall er det i så fall Norwegian (nynorsk), ettersom språk ikkje har stor bokstav på norsk. Når det gjeld Neo-Norwegian, så er det ikkje ein term eg har funne opp, men eit namn på nynorsk på engelsk. Motstykket vert ikkje Book-Tongue som du kreativt nok foreslår, men Dano-Norwegian, noko de kan slå opp i til dømes The American Heritage Dictionary of the English Language [1] eller Ethnologue [2]. Så på engelsk kan ein seie det som det er :) Bjarte 28. nov 2004 kl. 21:28 (UTC)
Alternativ 3 er best etter mi meining òg. Neo-Norwegian bør ikkje brukast anna enn saman med den parallelle termen Dano-Norwegian, som Bjarte korrekt viser til. Trur at termen Dano-Norwegian ville vera temmeleg upopulær i bokmålsmiljø, så derfor er det altså betre å halde seg til nynorsk/bokmål. Er òg einig i at liten forbokstav (Norwegian (nynorsk)) er rettast i denne samanhengen, ettersom det er norske termar vi brukar her. -- Olve 29. nov 2004 kl. 02:43 (UTC)
Liten forbokstav på nynorsk er ikkje noko problem for meg, men blir det ikkje feil sidan dette er i ein engelsk samanheng, dvs. "nynorsk på engelsk". Eg reknar eigentleg med at de har tenkt over det så ei "rungande stille" tek eg som "nei":-) --Guttorm 29. nov 2004 kl. 08:04 (UTC)
Eg synest òg at 3 er det beste alternativet. Eg godtek både stor og liten forbokstav i "nynorsk": Stor viss det er eit nylaga(?) engelsk ord, liten viss parentesen er norsk spesifisering av målform.
--VerdLanco 30. nov 2004 kl. 10:08 (UTC)

Ser ut som om me er einige, tenkte eg skulle få med nynorsk på dei andre språka som er i bruk på statistikk sidene i same slengen, dette er enkelt med dei som er skrive med det latinske alfabet og allereie har eit namn for "norsk", men på desse språka veit eg ikkje kva som er rett, kanskje nokon kan hjelpa:

  • עברית:
  • 日本語:
  • Nederlands:
  • 中文:

Eg kjem til å be om at han brukar alernativ 3 sidan dette er i ein engelsk samanheng og nynorsk er å finna i (iallfall ei) ordbøkene m. stor forbokstav (wordnet). --Guttorm 4. des 2004 kl. 18:43 (UTC)

Det er no gjort, men det er ei god stund (veker) til det blir oppdatert så me har framleis tid til å krangla meir om stor/liten forbokstav, og finna ut kva som bør skrivast på språka over:) --Guttorm 4. des 2004 kl. 19:17 (UTC)

Nynorsk på (ny)norsk[endre wikiteksten]

Som ein del av likestillinga av nynorsk og bokmål (no.wikipedia) wikipediane har det vorte føreslege å endra kva som blir vist i språklistene til artiklar (til venstre på sida). Desse lenkjene skal skrivast på den lokale målforma og er i dag "Nynorsk" for lenkjer til nn.wikipedia og "Norsk" for lenkjer til no.wikipedia. Forslaga til likestilling av dei to wikipediane har vore omdiskuterte, men å endre desse til "norsk (nynorsk)" og "norsk (bokmål)" ser ikkje ut til å vera så kontroversielt. Eg føreslår at me går inn for å endra nemninga vår uansett utvikling og ev. resultat av no vs nb diskusjonen. Når me har vorte einige her vil eg oppretta ein "bug" på http://bugzilla.wikipedia.org for å få dette gjort.

Norsk Wikipedia har et gjeldende vedtak om å være en fellesnorsk Wikipedia. Endring av vårt interwikinavn kan kun komme som resultat av et nytt vedtak i denne saken. Det foreligger ikke, og vi har ikke hatt noen egentlig debatt om saken ennå. En henvendelse angående vårt interwikinavn kan bare komme fra oss når vi har diskutert dette i ro og mak og bestemt oss for hva vi ønsker, ikke fra nn.wikipedia org. Bare for at ingen misforståelse skal oppstå. Wolfram 28. nov 2004 kl. 14:07 (UTC)
Det er klart at vi ikke skal be om forandring på navnet på no: før det har blitt enighet med andre som bruker no:. :) Bjarte 28. nov 2004 kl. 21:32 (UTC)

Endringa er no lagt inn som bug 1004 på bugzilla.wikipedia.org, det er fint om de tek ein titt for å sjå til at det er riktig og stemmer på den. --Guttorm 4. des 2004 kl. 21:23 (UTC)

Endringa er alt implementert og har tredt i kraft. Det gjekk fort — eg rakk ikkje å røysta for henne eingong! Sjølv synest eg det ser betre ut med liten 'n', men ver budd på at dette vil skapa bølgjer blant no:-brukarar som ikkje synest dei fekk nok tid på seg til å reagera!
--Verdlanco (diskusjon) 5. des 2004 kl. 23:51 (UTC)
Men er me eigentleg einige om at norsk og nynorsk skal skrivast med litan bokstav? Som dei seier på no: er det faktisk ei liste over språk det er snakk om, og i lister pleier ein då å ha stor bokstav først? Slik det ser ut nå, er det som om norsk ikkje har store bokstavar i det heile. -- Ranveig 6. des 2004 kl. 18:35 (UTC) (men for meg er dette ingen stor sak)
Eg fekk ikkje noko tilbakemelding på det eg skreiv over (i denne bolken) og gjekk difor ut frå at det som vart sagt i e-post-lista var talande for kva me ville (altså små forbokstavar). Eg trur framleis liten forbokstav er riktigst, om ein gjer det med alle språka, eller om ein berre gjer det for dei som har slike reglar på språket sitt. Er det vanleg at lister er skrivne med stor forbokstav? Eg kjenner ikkje til noko spesifikk regel for akkurat lister, men Språkrådet har ein regel for "etter kolon". I tilleg til dette har resten av teksten i brukargrensesnittet, som ikkje er i boksar, liten forbokstav. Dette er eigentleg ikkje viktig for meg heller, det er meir ein form for perfeksjonisme, trur eg...:) --Guttorm 6. des 2004 kl. 20:08 (UTC)
Her er det snakk om dei lokale namna på språka, i motsetnad til i Nynorsk på engelsk-debatten. Då synest eg at namnet i parentes må stå med liten forbokstav på norsk. Eg har ingen sterke innvendingar mot stor 'N' i første ord, so lenge alle andre språk har det. Viss nokre språk byrjar å bruka liten forbokstav, bør truleg helst alle gjera det (unntatt engelsk og andre språk som alltid skriv sitt eige namn med stor bokstav), av estetiske omsyn.
--Verdlanco (diskusjon) 6. des 2004 kl. 20:28 (UTC)
Praktisk wikikonvensjon for listeform i samband med interwikilenkjer er stor forbokstav — inkludert for språk som brukar liten forbokstav i språknamn, slik som t.d. français... Trur derfor definitivt at Norsk (nynorsk) er best. -- Olve 6. des 2004 kl. 22:10 (UTC)
Er samd med Olve på alle punkt.Bjarte 6. des 2004 kl. 23:59 (UTC)

Eg bad i går om at det blir ordna slik, truleg blir det ordna innan nokon dagar, men fleire stemmer på den same buggen kan nok hjelpa. --Guttorm 7. des 2004 kl. 07:48 (UTC)

Tilbakemelding[endre wikiteksten]

Kva tykkjer de? --Guttorm 27. nov 2004 kl. 23:09 (UTC)

Eg har lagt inn fila for statistikksidene på m:WikiReports_NN.pl, der kan ein omsetje slik at også statistikksidene kan visast på nynorsk.--Guttorm 27. nov 2004 kl. 23:27 (UTC)

18. juni 2004 – 21. august 2003: no:Wikipedia:Nynorsk-avstemning[endre wikiteksten]

Bjarte skreiv i eit endringssamandrag:

eg tykkjer då ikkje eg "trassa" noko i då eg "starta" nn:

Når ei avrøysting blant alle interesserte syner at det er fleirtal mot å oppretta ein eigen nynorsk wikipedia, og Bjarte kort tid etter gjer det likevel, då synest eg det er å "trassa" røystingsresultatet. Men dét tyder ikkje at eg tykkjer avgjerda til Bjarte var gal!  :-)
--Verdlanco (diskusjon) 10. mar 2005 kl. 1121 (UTC)

Eg skjønar kva du seier og eg veit du ikkje tykkjer avgjersla mi var gal :). Eg er kanskje litt pedantisk nå, men eg held ennå på at eg ikkje følte sjølv at eg trassa noko eller nokon med å starta nn:. Ei avstemning på :no kan knapt kallast avgjerande for om det skulle bli danna ein wikipedia på :nn. Viss me ser på dei som wikipedia for språk X og Y, kan sjølvsagt ikkje ein majoritet av brukarane på Wikipedia for språket X stemma mot ein oppstart av Wikipedia for språket Y, det blir eit val som må takast sentralt (eventuelt mailingliste osb). Dette var det i alle fall to på :no som argumenterte òg, sjølv etter valet (sjå lenkja ovanfor). Eg sette meg nokså grundig inn i kva som måtte til for å starta ein wikipedia, men når eg freista skriva nn.wikipedia.org i nettlesaren min, var der ein link der som ganske så fristande bad meg om å trykka på han og komma attende om nokre timar, så skulle wikipediaen vera klar. Så då gjorde eg det. Bjarte 10. mar 2005 kl. 1212 (UTC)
… ja, og takk skal du ha for dét!  :-)
--Verdlanco (diskusjon) 10. mar 2005 kl. 1357 (UTC)