Wikipedia:Filtypar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Filtypane som vert nytta i Wikipedia er JPEG til fotografiske bilete, PNG til teikningar og andre små bilete, og OGG til lyd og video. PNG er det beste filformatet for teikningar og kart med sterke kontrastar. GIF kan òg brukast, til dømes for illustrerande animasjonar. Om ein lastar opp filene til Wikimedia Commons, kan alle Wikimedia prosjekta nytta filene.

Wikipedia nyttar programma Ogg Vorbis til lyd og Ogg Theora for video. Ogg Vorbis-formatet er liknande det meir kjende MP3-formatet. Lydkvaliteten er høgare enn MP3 , og i motsetnad til MP3 er ikkje kodesystema patenterte. Det er teke ei avgjerd om at MP3- filer ikkje vil verta nytta av Wikimedia-prosjekta.