Wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar/Den austerrikske arvefølgjekrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den austerrikske arvefølgjekrigen[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Manglar to raude lenker i den eine infoboksen til høgre, men elles er artikkelen fullkomen!

Nå manglar dei ikkje lenger. Nok ein god artikkel frå Brukar:Frokor. Martin NH 2. januar 2009 kl. 15:58 (CET)[svar]

Flyttar konkrete kommentarar til diskusjonssida til artikkelen. --Ekko 2. januar 2009 kl. 20:48 (CET)[svar]

Artikkelen har berre ei referanse (i teksten) til ei kjelde. Eg meiner det bør vera eit krav at «gode artikklar», spesielt historieartikklar, syner til kjelder. Å syna til at «Engelsk Wikipedia oppgav desse kjeldene:» hjelper ikkje så mykje når engelsk wp heller ikkje syner til kjelder for å underbygga dei ulike påstandane. --Sigmundg 2. januar 2009 kl. 17:32 (CET)[svar]
Den engelske artikkelen er ikkje kjeldelaus, men har sørgeleg få referansar i sjølve teksten. Det hadde absolutt vore ein fordel om han hadde hatt det. Men det hadde hjelpt arbeidet med å (forsøke) leggje til referansar om du konkret hadde vist kor du meiner dei bør inn. Det gjev ikkje ein særskild lesbar tekst å ha ein referanse etter kvar setning for å setje det på spissen. --Frokor 2. januar 2009 kl. 22:51 (CET)[svar]
Fantastisk arbeide, enno ein gong. Men eg har bestemt meg for å ikkje røyste for artiklar som er på meir enn 40 KB, så eg håper han får nok røyster utan mi : ) - Knut 2. januar 2009 kl. 23:20 (CET)[svar]
Fint dersom du, Sigmund, vil nemne det dersom det er andre opplysningar enn dei Ekko nemner nedanfor som du saknar kjelde på. Det er lettare å gjere noko med innvendingar som er heilt konkrete. --EIRIK\diskusjon 14. januar 2009 kl. 18:37 (CET)[svar]
Eg har (etter oppfordring) sett in {kjelde manglar} fram til og med «Felttoget i 1745». Etter mi meining bør det stillast strenge krav til å dokumentera påstandar i historiske artiklar. Spesielt når artikkelen er ein kandidat til å verta merka som «god». Om så strenge krav vert stilte til alle omsette artiklar ville nn-WP (som eg meiner å hugsa at Brukar:Knut har påpeika) veksa svært sakte, så det er kanskje ikkje realistisk. Men for artiklar som skal merkast som gode bør ein kunne krevja referansar til kjelder av god kvalitet. I ein artikkel merka «god» kan ein (etter mi meining) ikkje utan vidare stola på kjelder oppgjevne i orginalartikkelen. Sjølv i vitskaplege artiklar hender det at det er feil (feil årstal, sidetal, osv.) i referanselista, så kjelder bør kontrollerast nøye.
Eg har ikkje god nok kunnskapar i historie til å velja ut kjelder for denne artikkelen (å velja ut gode kjelder er ingen triviell jobb). Eg vil heller ikkje påstå at dei stadane eg har sett inn {kjelde manglar} er dei mest fornuftige; det kan sikkert gjerast betre. Ofte kan ei god kjelde dokumentera fleire påstandar.
Nokre småkommentarar:
Setninga «Ein hadde i lang tid sett kva problem ein kvinneleg herskar over Habsburgmonarkiet kunne medføre og Karl VI hadde derfor overtalt dei fleste statane i Tyskland til å godkjenne Den pragmatiske sanksjonen av 1713.» seier at ein i lang tid hadde sett problema, men rett etter står det at problema starta i 1740. Dette får eg ikkje til å henga i hop. Kva er eigenleg meint her?
Er det ein skrivefeil i setninga «Austerrikarane kunne først yte lite motstand, men etter ei stund klarte ein større styrke å kom seg mellom ved Tábor mellom Donau og dei allierte,»? Var det meininga å skriva at ein større styrke, ved Tábor, klarte å koma seg mellom mellom Donau og dei allierte?
Er det lov å skriva deira "eigen" Maria Teresia? Bør det ikkje vera deira "eiga" Maria Teresia, ettersom ho var quinde?
Eg trur dette kjem til å verta ein god artikkel til slutt, men vi bør ikkje ha alt for stort hastverk med å plassera stjerne på artiklane; det er betre å venta til dei verkeleg er gode. Om nn-WP ikkje kan konkurrera på storleik, er det inga lov som forbyr oss å konkurrera på kvalitet. --Sigmundg 15. januar 2009 kl. 08:07 (CET)[svar]
Nesten alle stadane var det Encyclopedia Britannica 1911 som er nytta som kjelde. Det manglar framleis eit par av dei Sigmundg har sett inn så langt. Det ser ut til at store delar av den engelske artikkelen er henta der frå. --Frokor 15. januar 2009 kl. 14:48 (CET)[svar]

Kjelda den engelske artikkelen viser til er sikkert god, men som eg har sete inn i teksten skulle eg gjerne ha ei kjelde på framvoksteren av nasjonalisme, av di dette er noko eg gjerne skulle ha lest meire om. Eg har ei lita og ei stor innvending mot artikkelen: Nokre stader synest eg han er litt stiv og engelsk-/bokmålsnær i forma. Eg er ganske bokmålsnær sjølv, så det får eventuelt nokon annan ta seg av. Det viktigaste i mine auger er at eg saknar eit avsnitt om kva konflikten førte til for folkesetnaden i Europa. I åtte år var det kontinuerleg krigføring i området mellom Wien-Praha-Austersjøen-Nederland. Og som det står i artikkelen, den første innmarsjen i Schlesien skilde seg ut med at det ikkje råka dei sivile i særleg grad. Medan eg sat og las om alle desse slaga måtte eg tenkje på kva konsekvensar dette hadde for dei landområda kor konflikten gjekk føre. Artikkelen er elles god, men eg er samd i at han kanskje skal delast opp. Kva med å skilje ut Første og andre schlesiske krig og krigen i Italia som eigne artiklar som berre kort blir oppsumert i hovudartikkelen?--Ekko 4. januar 2009 kl. 10:54 (CET)[svar]

No har eg lagt på ei kjelde på det du nemner om nasjonalisme her, Ekko. Eg merka òg ein del «engelsk/bokmål-uttrykk», men eg trur eg klarte å skrive om det aller meste av dette i gjennomgangen min. Elles er eg ueinig i det med oppdeling. Eg trur ikkje det er lurt å byrje med flytting av innhald til andre artiklar. Det kan fort øydeleggje samanhengen i ein så kompleks tekst som denne. I slike artiklar er det svært viktig at det eine følgjer det andre. --EIRIK\diskusjon

Røysting[endre wikiteksten]