Wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar/Namnetabu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Namnetabu[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Interessant artikkel som også har gode illustrasjonar. Kanskje treng han meir blått fyrst? Andre forbetringar? --EIRIK\diskusjon 22:10, 16 januar 2008 (CET)

Den vert vel litt i kortaste laget kanskje. Samstundes er det vel ikkje særleg mykje meir info ein kan vente å finne, eller? --Cato 20:06, 7 februar 2008 (CET)
Nei, etter mi meining må ein sjå lengda på artiklane etter kor breitt emnet er. Til dømes bør det krevjast meir av kaffi enn denne. --EIRIK\diskusjon 20:15, 7 februar 2008 (CET)
Einig i at lengde målt i talet på ord ikkje er viktig. Spørsmålet er om lesaren har fått vita alt han treng. I dette høvet er eg einig med antiraudlenkjebrigaden -- fleire av desse må fyllast ut for at artikkelen skal ha informasjonsverdi. --Ranveig 00:40, 8 februar 2008 (CET)
Eg er samd i at lengda ikkje diskvalifiserer artikkelen. Men eg trur nokre formuleringar o.l. må skrivast om, definisjonar må spikrast betre fast og, som Ranveig seier, mange av dei blå lenkjene må vekk. Eit døme på kva eg meiner er for uklårt og klønete formulert er dette avsnittet:
Også innan kristendommen finst eit liknande tabu til ei viss grad. Mange stader, til dømes i Noreg, har det vore forbode å gje ungar namnet Jesus. Tabuet mot å bruka namna Gud eller Jesus har skapt mange norske omskrivingar («Gid», «Jøssenam»), men det finst òg brot som «Herregud!». Slike banneord viser at tabuet ikkje er absolutt, det kan brytast i visse samanhengar.
Viss me skal ha med slike døme, må me vita om det er det same fenomenet eller ikkje. Å blanda det andre av Dei ti bodorda saman med formuleringa «eit liknande tabu til ei viss grad» er ikkje særleg leksikalsk, synest eg. --Tannkrem 01:18, 8 februar 2008 (CET)

Røysting[endre wikiteksten]

  • Imot Imot, eg trur denne artikkelen har eit godt stykke att. --Tannkrem 01:18, 8 februar 2008 (CET)
  • Imot Imot. For mange raude lenkjer. I kortaste laget. --Cato 10:17, 8 februar 2008 (CET)