Wikipedia:Lisensar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Medan all tekst på Wikipedia er gjeven ut under GNU fri dokumentasjonslisens (GFDL), kan ein finna filer frigjevne under mange ulike vilkår. Nokre, til dømes laterna magica-bilete frå fotografiets barndom, er så gamle at ingen opphavsrett gjeld lengre — dei er blitt offentleg eigedom, eller public domain. Filer av nyare dato kan ha blitt frislepte ved at den som har opphavsretten erklærer at all bruk er godteken, utan å setja vilkår. Noko meir restriktive lisensar krev at ein ved gjenbruk oppgjev opphavsrettshaldaren, eller at det nye verket filene blir del av må vera like fritt som dei. Alle desse filene har likevel det fellestrekket at dei er frie — dei kan brukast om igjen eller endrast på av kven som vil.

Ballongar

Døme på bilete ein kan trykka på for å få fram skildring og lisens.

Echo samples uttale 

Døme på lydfil der ein kan høyra eller få fram filinformasjon

Merking[endre wikiteksten]

Filer er merka med lisensen som gjeld på filskildringssida. Den finn du ved å klikka på biletet eller teksten til fila det gjeld.

For sjølv å merka ei fil med ein lisens, set du kortnamnet på lisensen mellom krøllparentesar, til dømes {{GFDL}}. Når du laster opp ei fil på Commons kan du setja inn ein lisens slik, eller velja frå eit utval lisensar på ein meny.

Døme på lisensar[endre wikiteksten]

Det finst eit utal frie lisensar å velja mellom — du kan sjå alle på Commons:Lisensmalar. Nedanfor finn du nokre døme og forklaringar på vanlege fillisensar.

Public Domain: Heilt frigjeve[endre wikiteksten]

  • {{PD}}, Public Domain, er den friaste lisensen, og set ingen vilkår for bruken av ei fil.

Ein bør aldri bruka berre PD, men ta med ei forklaring på korleis fila er blitt slik, til dømes fordi ein sjølv har laga og frigjeve henne {{PD-self}}, eller fordi ho blei laga av nokon som døydde for over 70 år sidan {{PD-alder}}

  • {{PD}} ser slik ut:


Public domain
Denne fila er utgitt som offentleg eigedom (Public Domain) av opphavsrettsinnehavaren, eller kopirettane har blitt forelda. Dette gjeld på verdsbasis.


Public domain
Denne fila er offentleg eigedom (Public Domain) på grunn av at kopirettane har blitt forelda. Det vil seia at opphavsmannen døydde for minst 70 år sidan. Dette gjeld på verdsbasis.

Creative Commons[endre wikiteksten]

Creative Commons er namnet på eit sett lisensar der opphavrettshaldaren kan frigje mykje bruk, men halda på nokre rettar, som retten til å bli namngjeven om ein bruker fila {{cc-by}}, eller at einkvar ny bruk også må vera fri, {{cc-by-sa}}.

Creative Commons-lisens
Creative Commons Attribution-ikon
Denne fila er lisensiert under lisensen
«Attribution 2.5» eller nyare til Creative Commons
http://creativecommons.org/licenses/by/2.5/


Creative Commons-lisens
Creative Commons Attribution-ikonCreative Commons Share Alike-ikon
Denne fila er lisensiert under lisensen
«Attribution ShareAlike 2.5» eller nyare til Creative Commons
http://creativecommons.org/licenses/by-sa/2.5/


GFDL[endre wikiteksten]

GNU Free Documentation License blir brukt for tekst på Wikipedia, og også for fleire filer. Lisensen gjev rett til vidare bruk og endring, men krev at ein peiker til lisensen ved slik bruk, og er dermed ikkje alltid så grei å bruka om ein til dømes vil trykka eit bilete.


GNU-logoen Denne fila kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License.

Opplasting[endre wikiteksten]

For hjelp til å lasta opp ei fil, gå til Wikipedia:Filopplasting, eller direkte til opplastingssida på Commons