Wikipedia og alle søstersprosjekta har eit felles fillager som heiter Wikimedia Commons. Filer som blir lagra her må vera frie til bruk og endringar av andre, og nyttige for minst eitt av prosjekta. Du frigjev ei fil ved å velja ein fri lisens, og viser nytten ved å bruka det på eit Wikimedia-prosjekt, som Wikipedia eller Commons.
Merk at det er to krav som gjeld for at ei fil skal kunne brukast på Wikipedia: Ho skal kunne brukast gratis av alle (også kommersielt), og alle må ha lov til å gjera endringar i fila. Om den som har opphavsretten til fila ikkje tillet dette, vil ho bli sletta. Dette gjeld både Wikipedia og Commons. Du kan lesa meir om lisensar på Wikipedia:Lisensar, og mykje meir på den engelskspråklege Commons:Licensing.
Om personen er kjent, last opp biletet til Commons med ein lisens som til dømes GFDL eller Creative Commons BY. Om personen ikkje er kjent, må han eller ho samtykke til opplastinga av fila
Du har teke eit bilete av ein skulptur, eit måleri eller eit anna kunstverk:
Kunstnaren har opphavsretten, og du kan ikkje laste det opp. Slike filer vil bli sletta. Har kunstnaren vore død over 70 år har derimot eineretten utløpt, og du kan lasta det opp til Commons.
Merk at løyve som berre gjeld for Wikipedia, eller som ikkje nemner kommersiell gjenbruk eller retten til å gjera endringer i biletet, ikkje blir godtekne.
Du har funne fila på ein nettstad (til dømes Flickr) som oppgjev ein lisens (til dømes CC-BY eller GFDL) som gjer at ho kan brukast på Wikipedia :
Last opp fila til Commons med nøyaktig samme lisens som kjelden oppgjev. Oppgjev peikar til sjølve opphavsfila og til ei side der andre brukarar kan sjå lisensvilkåra
Du har fått løyve via e-post frå den som eig rettane til fila :
Last opp fila til Commons med nøyaktig same lisens som i e-posten. Skriv på filskildringssida at løyva er «sendt til OTRS». Deretter vidaresender du e-posten med løyva til info-no@wikimedia.org. Du kan bruka malane du finner på Commons:E-postmalar til å be om ei slik løyve
Sida du fann fila på sier at «fila kan brukast av pressa», «reproduksjon tillatt» eller liknande :
Ikkje last opp fila, ei slik løyve er ikkje vid nok. Slike filer vil bli sletta
Du har tatt eit skjermbilete av eit fjernsynsprogram, ein film eller eit dataprogram
Du har tatt eit skjermbilete av fri programvare som til dømes GIMP eller OpenOffice
Last opp fila til Commons og merk det med same lisens som programmet har, til dømes GPL. Bruk også malen Free screenshot.
Du har tatt eit skjermbilete av ein film, ein TV-serie, eit Windows-program e.l. :
Ikkje last opp fila. Slike filer vil bli sletta.
Biletet er ein logo eller eit våpen
Biletet er eit heraldisk våpen (byvåpen, våpen til adelege og geistlege)
Slike tilfelle er vanskelege. Dei fleste heraldiske våpen er ok, og kan lastast opp til Commons. Du må være imidlertid vera sikker på at fila ikke er omfatta av opphavsretten. Om du er usikker må du spørra andre brukarar om fila er ok.
fila er ein logo som tilhører en sportsklubb, en bedrift, et universitet o.l. :
Ikkje last opp fila. Slike filer vil bli sletta.
Du fann fila på Internett
Opphavsmannen har truleg ikke frigjeve fila under ein lisens som gjer at ho kan brukast på Wikipedia.
Du kan ikkje laste opp fila. Slike filer vil bli sletta.
Visse illustrasjonar kan lagrast på Nynorsk Wikipedia. Døme på dette er:
Midlertidige versjonar av logoen vår
Skjermbilete av Wikipedia som du vil visa andre brukarar i diskusjonar om utforming
Bilete som berre skal brukast på ei diskusjonsside for å dokumentera noko
Merk: Alle andre filer skal ligga på Commons. Frie filer som blir lasta opp lokalt til Wikipedia vil uten varsel bli flytta over til Commons. Det er difor enklare for alle parter om du laster fila direkte til Commons.
Sidan Commons er eit eige prosjekt innan Wikimedia, må ein ha eige brukarnamn der sjølv om ein allereie har eit på Wikipedia, eller eit anna prosjekt, for å kunne lasta opp filer. Skjemaet for registrering finn ein her.
Filer utan kjelde eller lisens
Alle filer, både på Commons og Wikipedia, skal ha ein gyldig lisens og ein kjelde. Utan dette vil dei bli sletta.