Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 23, 2022
Samisk kultur omfattar samane sin andelege og materielle kultur. Natur, miljø og levesett har alltid vore utgangspunktet for den samiske kulturen. Han er også blitt påverka av møte med majoritetskulturar i dei ulike samiske områda. Skilnader internt i den samiske kulturen kjem av skilnadene mellom ulike samiske busetnadsområde og levesett.
Grunntrekka i den samiske kulturen blei danna frå og med 1300-talet. Etter nokre generasjonar med modernisering og språkleg og kulturell assimilering inn i dei dominerande statskulturane fekk den samiske kulturen ein renessanse frå og med slutten av 1960-talet. På 1970-talet oppstod det ei ny og sterkare samisk politisk rørsle, samiske massemedium, litteratur og kunst. Denne kulturelle oppreisten sameina tradisjonell samisk kultur med kulturelle straumdrag i samtida. Hendingane på 1970-talet blir ofte referert til som den samane si nasjonale oppvakning. Samane har rekna seg som eit folk så langt tilbake ein kjenner til, men ideen om Sápmi som ein samisk nasjon blei fyrst utbreidd blant samar på 1970-talet, og seinare blant majoritetskulturane. På 1980- og 1990-talet blei det teke i bruk eit samisk flagg, ein samisk nasjonalsong og det blei oppretta ein eigen samedag. Les meir …