Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 36, 2022

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hannvipe i hekkedrakt

Vipe (Vanellus vanellus) er ein fugleart i lofamilien, og er vanleg hekkefugl gjennom den tempererte palearktiske regionen frå Storbritannia og Irland i vest og austover mot stillehavskysten i aust. Hannen har ein lang fjørtopp på hovudet, hoa ein litt kortare fjørtopp. Oversida på fuglen er grønsvart med metallglans, medan undersida er kvit med ein rustbrun undergump. Andletet er kvitt med svarte striper. Kroppslengda er ca. 30 cm, som gjer vipa til ein mellomstor vadefugl. Ho er lett å kjenne igjen medan ho flyg med dei breie, butte vengene sine.

Vipa er ein sterkt trekkande fugl over det meste av det omfattande utbreiingsområdet sitt, og overvintrar lenger sør så langt som til Nord-Afrika, Nord-India og delar av Kina og sørlegaste Japan. Ho trekker hovudsakleg om dagen, ofte i store flokkar. Hekkefuglar i låglandet i dei vestlegaste områda av Europa er standfuglar. Arten er klassifisert som globalt nær truga, frå 2021 er vipa ført opp i kategorien kritisk truga på norsk nasjonal raudliste for artar. Les meir …