Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 42, 2020
Permtida er ein geologisk periode som strekkjer seg frå tida 299,9 ± 0,8 millionar år sidan til 251,0 ± 0,4 millionar år sidan. Han er den siste perioden i paleozoikum. Perioden vart etterfølgd av trias, den første delen av mesozoikum. Perm vart kalla opp etter kongedømet Permia i Russland av den skotske geologen Roderick Murchison i 1841, og ikkje den vesle byen Perm som mange ofte trur.
Havnivået i perm var generelt lågt og det var generelt få kystområde fordi nesten alle landmassane var samla i eitt enkelt kontinent, Pangaea. Sjølv om kontinentet var enormt hadde det kortare kystlinje enn seks til åtte mindre kontinent med same samla areal ville hatt. Dette kunne ha medverka til den omfattande utryddinga av sjødyr mot slutten av perioden, der særs mange sjødyr forsvann. Les meir …