Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 47, 2022

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Veneto i Italia

Veneto er ein av tjue regionar i Italia. Han ligg nordaust i landet og har rundt 5 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Venezia og den største byen er Verona. Regionen var ein gong hjartet i Republikken Venezia, og er i dag ein av dei rikaste og mest industrialiserte regionane i landet. Den vakre naturen og kunsten og den rike historia gjer at Veneto er ein av dei mest vitja regionane i Italia med om lag 13,5 millionar turistar kvart år. Språk i området er italiensk, ladinsk og venetiansk. Grunnlova for regionen, godkjend av den italienske regjeringa i 1971, anerkjenner òg innbyggjarane som eit «folk» (popolo på italiensk). Les meir …