Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 8, 2024

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Meena Kumari som Chhoti Bahu i Sahib Bibi Aur Ghulam

Meena Kumari (fødd Mahjabeen Bano, 1933–1972) var ein indisk skodespelar og diktar. Ho var kjend som «The Tragedy Queen», og var aktiv innan hindifilmar mellom 1939 og 1972. Kumari er rekna som ein av dei største skodespelarane i den indiske filmindustrien. I ein karriere som varte i over 33 år, frå barndommen til ho var vaksen, medverka ho i over 90 filmar. Ho døydde berre 38 år gammal av skrumplever.

Kumari vann fire Filmfare-prisar i kategorien for beste kvinnelege skodespelar. Ho gjorde historie ved den 10. filmfareprisutdelinga i 1963 ved å få alle tre nominasjonane til beste kvinnelege skodespelar, og vann for rolla si i Sahib Bibi Aur Ghulam. Ho vann den siste filmfareprisen sin for Kaajal i 1966. Den siste filmen hennar, Pakeezah, kom ut året etter at ho var død, og gav henne ein posthum filmfarenominasjon. Les meir …