Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 1, 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger blei til 1. januar 2005. Den nye statusen til Høgskolen i Stavanger (HiS) kom etter førti års venting og mykje hardt arbeid frå høgskolen si side. Universitet ligg stort sett på Ullandhaug i Stavanger. Det er organisert i tre fakultet: Det humanistiske fakultetet, Det samfunnsvitskaplege fakultetet og Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Bygningane til institusjonen er komne til i rykk og napp. Den største byggjeperioden var dei fem åra fram til 1979, då distriktshøgskolen bygde 20.000 m2 med undervisingshus. I dag finn ein eksempel både på raude brakker og penare bygg i sement og glas. Les meir...