Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 23, 2009

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
C64c

Commodore 64 er ei heimedatamaskin som vart laga av Commodore Business Machines og kom ut i september 1982. Med omtrent 30 millionar datamaskiner seld, var ikkje dette berre den mest suksessfulle av datamaskinene som var produsert i løpet av 80-talet, men den er også, den mest selde datamaskina gjennom tidene. Den hadde betre grafikk og lyd enn noka anna datamaskin frå den tida. Frå 1982 til Commodore gjekk konkurs i 1994 hadde Commodore 64 meir enn 10,000 utgjevne programvarer, inkludert programmeringsverktøy, kontorverktøy og spel.

Då Commodore produserte C-64 på 80 talet, rekna ein ikkje med at levetida skulle verte meir enn 20 år. Dei fleste maskinene har vist å likevel gjere det. Commodore 64 har blitt eit samlarobjekt for nostalgikarar. Ein kan og nytta ein emulator på pc-en for å køyre programvare og spel. Les meir …