Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 2, 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Leksikografi er eit fag som tek for seg teoretiske og praktiske problem ved utarbeiding og bruk av ordbøker og andre oppslagsverk. Sentrale felt innanfor leksikografien inkluderer semantikk (tydingslære), morfologi (bøyingslære) og kontrastiv lingvistikk.

Ein deler leksikografi inn i ein praktisk og ein teoretisk del. Praktisk leksikografi vil enkelt og greitt seia at ein førebur og skriv ordbøker. Teoretisk eller metaleksikografi er ein akademisk disiplin som studerer og skildrer semantiske tilhøve i ordforrådet til eit språk og utvikler teoriar om dette og korleis ein lager ordbøker. Dei to felta har nær tilknytting, ettersom ein må ha gode teoretiske kunnskapar for å laga ei god ordbok. Les meir…