Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 6, 2004

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Rafael del Riego y Nuñez (9. april 1784-7. november 1823) var ein spansk general og liberal politikar.

Del Riego vart fødd i Santa María de Tuñas i Asturia. Han gjekk ut frå universitetet i Oviedo i 1807, og flytta sidan til Madrid, der han gjekk inn i militæret. I 1808 vart han teken til fange av franske styrker under den spanske krigen for sjølvstende og halden i Escorial, som han sidan klarte å flykta frå.