Oviedo
Oviedo | |||
by | |||
|
|||
Motto: Benemérita, invicta, heroica, buena, muy noble, muy leal – «Heiderleg, ubesigra, heroisk, god, særs gjev, særs lojal» | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Asturias | ||
Høgd | 232 m | ||
Areal | 186,65 km² | ||
Folketal | 220 543 (2024) | ||
Grunnlagd | 761 | ||
Postnummer | 33001–33013 | ||
![]() Oviedo 43°21′45″N 5°51′01″W / 43.3625°N 5.8502777777778°W | |||
Wikimedia Commons: Oviedo |
Oviedo (asturisk Uviéu) er hovudstaden i fyrstedømet Asturias nord i Spania.
Oviedo er det administrative og kommersielle senteret i regionen. Kvart år vert Fyrsten av Asturias-prisen delt ut her. Oviedo universitet har mange studentar frå heile verda.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Det er sagt at to munkar, Máximo og Fromestanus, grunnla byen i 761, men det er funne arkeologiske spor her frå det første hundreåret.
Kong Fruela I av Asturias, den fjerde av dei asturiske monarkane, var den første som tok seg av byen for fullt og bygde både eit palass og ei kyrkje i nærleiken. Ein seinare konge, Alfonso II den kyske (791-842), flytta hovudstaden hit frå Pravia og skapte pilegrimsvegen til Santiago de Compostela, ei stor hending i historia til Oviedo. Han bygde òg ei kyrkje tileigna Frelsaren, San Salvador-katedralen og eit kongepalass.
I denne perioden vart byen eit senter for eit original og unikt arkitektonisk uttrykk, som bygde på tradisjonar frå vestgotiske, romerske og nordiske tradisjonar. Denne stilen nådde eit høgdepunkt under Ramiro I av Asturias. Ramiro I gav økonomisk støtte til mange unike bygningsprosjekt, som framleis pregar Oviedo i dag.

Etter Alfonso III den store døydde, vart hovudstaden flytta til León. Dei neste hundreåra (1100- til 1500-talet) utvikla mellomalderbyen seg og danna grunnlaget for slik ein kjenne rbyen i dag. Det vart bygd bymurar, ein omfattande brann råka byen på juleaftan i 1521 og akveduktene Los Pilares vart bygd for å gje vatn til byen på 1500-talet.
På byrjinga av 1600-talet vart Oviedo universitet oppretta av Fernando de Valdés Salas og dette opna Oviedo for utviding av byen. Adelen i regionen bygde fleire palass i byen på 1700-talet, og på 1800-talet utvikla industrien seg.
Omleiringa av Oviedo i 1936 var ei viktig hending under den spanske borgarkrigen. Garnisonen her støtta statskuppet og stod imot ei tre månader lang omleiring.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Vêrdata for Oviedo | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 10,8 | 13,2 | 16,8 | 20,5 | 23 | 27,1 | 28 | 26,9 | 22,7 | 18 | 15,5 | 11,5 | 19,5 |
Gjennomsnittleg min °C | 5,5 | 6,6 | 8 | 10,5 | 13,6 | 15,9 | 17,3 | 16,6 | 14,4 | 11,1 | 9,8 | 6,2 | 11,3 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 129,9 | 115,5 | 78,8 | 65,4 | 51,6 | 29,9 | 25,3 | 35,5 | 55,8 | 84,4 | 108,2 | 130 | 910,3 |
Kjelde: Agencia Estatal de Meteorología España |
Kjende personar frå Oviedo
[endre | endre wikiteksten]- Dronning Letizia av Spania
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Oviedo» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2009.