Wilhelm Bredal
Wilhelm Bredal | |
Fødd | 25. august 1907 Oslo |
---|---|
Død | 26. mars 1966 (58 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Senterpartiet |
Yrke | politikar, bonde |
Mor | Laura Holtsmark Bredal |
Far | Tollef Bredal |
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling |
Wilhelm Engel Bredal (25. august 1907–26. mars 1966) var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant for Bondepartiet og landkrinsane i Østfold.
Bredal var son til grosserar Tollef Bredal frå Oslo. Etter eksamen frå mellomskulen i 1922 og frå Vinterlandbruksskolen i Oslo 1926, lærde han i 1927 og 1928 jordbruk i høvesvis Tyskland og England. Åra 1929-30 var han gardsstyrar på Ringsaker i Hedmark. Frå 1931 var han forpaktar av garden Fæste i Rygge, ein gard han tok over i 1938 og sidan dreiv.
Hausten 1945 vart Bredal vald til stortingsrepresentant frå Østfold, sidan attvald både i 1949 og 1953. Fram til 1949 var han medlem i Administrasjonskomiteen. Frå 1950 til 1957 hadde han plass i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Perioden 1947-51 var Bredal også heradsstyremedlem i Rygge.