Wilhelm Hauff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilhelm Hauff

Statsborgarskap Kongeriket Württemberg
Fødd 29. november 1802
Stuttgart
Død

18. november 1827 (24 år)
Stuttgart

Yrke lyrikar, songtekstforfattar, barnebokforfattar, eventyrsamlar, skribent
Sjanger novelle
Medlem av Burschenschaft Germania Tübingen
Wilhelm Hauff på Commons

Wilhelm Hauff (29. november 180218. november 1827) var ein tysk forfattar fødd i Stuttgart.

Hauff byrja på den litterære løpebana med utgjevinga av Märchenalmanach auf das Jahr 1826. Denne blei følgd av to årgangar til, og dei kom sidan saman ut under tittelen Märchen (‘Soger’, 1872; 1905). Bland dei andre arbeida hans kan nemnast Mittheilungen aus den Memoiren des Satans (1827; ufullendt), Der Mann im Monde (same år), Controverspredigt über Heinrich Clauren und den Mann im Monde (1827), Phantasien im Bremer Rathskeller (same år), det mest humoristiske og interessante arbeidet til Hauff, og dessutan novellene Die Bettlerin vom Pont des arts (1832), Jud Süss, Das bilde des Kaisers (1831) med fleire, samla under tittelen Novellen (3 band, 1828). Den historiske romanen Lichtenstein (3 band, 1826; svensk omsetjing 1890) var påverka av Walter Scott. Hauff skreiv òg lyriske dikt, som minnar om folkedikting. Sämtliche Werke av Hauff kom ut i 1830 (og sidan i mange opplag); eit utval av Mendheim (1881) er òg blitt utbreidd.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Jud Süß (1927)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]