Wilhelm Hauff
Wilhelm Hauff | |
Statsborgarskap | Kongeriket Württemberg |
Fødd | 29. november 1802 Stuttgart |
Død |
18. november 1827 (24 år) |
Yrke | lyrikar, songtekstforfattar, barnebokforfattar, eventyrsamlar, skribent, novelleforfattar |
Sjanger | novelle |
Medlem av | Burschenschaft Germania Tübingen |
Wilhelm Hauff på Commons |
Wilhelm Hauff (29. november 1802–18. november 1827) var ein tysk forfattar fødd i Stuttgart.
Hauff byrja på den litterære løpebana med utgjevinga av Märchenalmanach auf das Jahr 1826. Denne blei følgd av to årgangar til, og dei kom sidan saman ut under tittelen Märchen (‘Soger’, 1872; 1905). Bland dei andre arbeida hans kan nemnast Mittheilungen aus den Memoiren des Satans (1827; ufullendt), Der Mann im Monde (same år), Controverspredigt über Heinrich Clauren und den Mann im Monde (1827), Phantasien im Bremer Rathskeller (same år), det mest humoristiske og interessante arbeidet til Hauff, og dessutan novellene Die Bettlerin vom Pont des arts (1832), Jud Süss, Das bilde des Kaisers (1831) med fleire, samla under tittelen Novellen (3 band, 1828). Den historiske romanen Lichtenstein (3 band, 1826; svensk omsetjing 1890) var påverka av Walter Scott. Hauff skreiv òg lyriske dikt, som minnar om folkedikting. Sämtliche Werke av Hauff kom ut i 1830 (og sidan i mange opplag); eit utval av Mendheim (1881) er òg blitt utbreidd.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Jud Süß (1927)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Hauff, Wilhelm i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1909)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wilhelm Hauff» frå Wikipedia på svensk, den 29. juli 2023.