Wilhelm Sorteberg (1950)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wilhelm Sorteberg
Fødd24. juni 1950
NasjonalitetNoreg
Yrkefriidrettsutøvar

Arne Wilhelm Sorteberg (fødd 24. juni 1950) er ein norsk medisinar og tidlegare friidrettsutøvar. Han vann 7 NM-gull i stavhopp i åra 1969–1978, og sette fleire noregsrekordar.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Wilhelm Sorteberg er soneson til Wilhelm W. Sorteberg. Foreldra hans var Asbjørn Sorteberg (1911-1991), tilsett ved Landbrukshøgskulen på Ås, og Agnes f. Dyrnes frå Smøla.[2]

Han er gift med Angelika Sorteberg, som også er lege, og dei to har samarbeidd om fleire forskingsprosjekt.[3]

Idrettskarriere[endre | endre wikiteksten]

Sorteberg representerte Ås IL og Kamp-Vestheim.

Han sette noregsrekord i stavhopp på 4,82 i 1973, forbetra til 4,85 same året. I 1975 sette han ny rekord med 4,90, før han braut femmetersgrensa med 5,01 i 1976. Den forbetra rekorden på 5,05 sett seinare det året blei ståande fram til 1989, då Trond Barthel sette ny rekord på 5,10.[4]

NM-medaljar
Plassering Grein År
Gull Stav 1969, 1970, 1973, 1974, 1976, 1977, 1978
Bronse Stav 1972

Medisinsk karriere[endre | endre wikiteksten]

Sorteberg tok doktorgrad i medisin i 1993 med avhandlinga Methodological and technical advances in transcranial Doppler ultrasonography.[5] Han har seinare gjeve ut ei rekkje vitskaplege artiklar. I 2015 fekk han Monrad Krohns hederspris for forskinga si på blodgjennomstrøyminga i hjernen.[3]

Han er seksjonsoverlege ved Oslo universitetssykehus.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. friidrett.no: NM Stav menn. Arkivert 16. august 2017 på Wayback Machine.
  2. Gards-og ættesoge for Vestsmøla.
  3. 3,0 3,1 «Pris for hjerneforskning», Dagens Medicin (på norsk), henta 7. september 2021 
  4. «Rekordenes Utvikling/Progression of the Records Men». Norges Friidrettsforbund, Statistikk-og Rekordutvalget. 1.1.2015. Henta 7. september 2021. 
  5. «Doktorgrader ved Det medisinske fakultet august 1989–juni 2014» (PDF). Michael. 2014. 
  6. «OUH - Group members», www.ous-research.no (på engelsk), henta 7. september 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]