William Dobson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Dobson

Statsborgarskap Kongeriket England
Fødd 24. februar 1610
London
Død

28. oktober 1646 (36 år)
Oxford

Yrke kunstmålar
Språk engelsk
William Dobson på Commons
Karl II som prinsen av Wales, 1642

William Dobson (4. mars 161028. oktober 1646) var ein av dei fyrste namnkjende, engelske målarane. Han er særleg kjend som portrettmålar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Dobson, som var son til ein dekoratør, var elev hos William Peake og gjekk kanskje i lære hos Francis Cleyn i heimbyen London. Ein reknar med at han må ha hatt tilgang til dei kongelege kunstsamlingane, og slik har kopiert verk av Tizian og Anthonis van Dyck. Både i farge og form liknar bileta hans på venetianske måleri, derimot var han heller lite påverka av Dyck målarstil. Dyck introduserte Dobson for den engelske kongen. Både kongen, familien hans og andre hoffolk vart etter tur portrettert av Dobson.

Under den engelske borgarkrigen busette Dobson seg i Oxford og måla portrett av mange av dei leiande krigarane. Portrettet av den framtidige kongen Karl II, som då var tolv gammal, er kanskje hans fremste verk. Biletet har ein stil som syner påverknad frå barokken. Han måla også Pfalz-fyrstane Rupert og Moritz.

Om lag 60 av Dobsons verk er bevart for ettertida, flest portrett i halvfigur datert til 1642 eller seinare. Då Oxford fall i hendene på rundhovuda vende Dobson tilbake til London. Der var han utan både økonomisk stønad og vern. Han vart fengsla og døydde i armod 36 år gammal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]