William Holden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Holden

Fødd17. april 1918
FødestadO'Fallon
Død12. november 1981 (63 år)
DødsstadSanta Monica
FødenamnWilliam Franklin Beedle
Aktive år1939–1981
Verka somskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar
EktefelleBrenda Marshall
SambuarStefanie Powers
PrisarOscar for beste mannlige hovedrolle, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Primetime Emmy Award for Outstanding Supporting Actor in a Miniseries or a Movie

William Holden (fødd 17. april 1918 som William Franklin Beedle jr., daud 12. november 1981) var ein amerikansk skodespelar.

Holden vann Oscar for beste mannlege hovudrolle for rollen som sersjant J.J. Sefton i krigsfilmen Dronningen slår begge veier (1953). Han vann ein Primetime Emmy Award for rolletolkinga si i TV-filmen Politirapport (1973). Holden har òg spelt i filmar som Sunset Boulevard (1950), Sabrina (1954), Picnic (1955), Broen over Kwai (1957), Den ville gjengen (1969) og Network (1976).

Holden har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 1999 vart han kåra til tidenes 25. største mannlege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «AFI's 100 Years...100 Stars» (på engelsk). Det amerikanske filminstituttet. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]