Broen over Kwai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Bridge on the River Kwai
Norsk tittel:
Broen over Kwai
Bridge over River Kwai.jpg
OpphavslandStorbritannia, USA Edit this on Wikidata
SpråkEngelsk Edit this on Wikidata
Sjangerdramafilm, krigsfilm, filmar som byggjer på litterære verk
RegiDavid Lean Edit this on Wikidata
ManusCarl Foreman, Michael Wilson, Calder Willingham, Pierre Boulle Edit this on Wikidata
MedverkandeJack Hawkins, William Holden, Sessue Hayakawa, Alec Guinness, James Donald, Percy Herbert, Harold Goodwin, André Morell, Ann Sears, Geoffrey Horne, Harold Goodwin Edit this on Wikidata
SjeffotografJack Hildyard Edit this on Wikidata
Lengd156 minutt Edit this on Wikidata
«Dødspasset» ved brua over Kwai.

Broen over Kwai er eit britisk-amerikansk krigsdrama frå 1957 regissert av David Lean. Handlinga er lagt til det japansk-okkuperte Burma under andre verdskrigen. Dei japanske okkupantane brukar britiske krigsfangar som arbeidskraft til å byggja ei jernbanebru over elva Kwai. Allierte styrkar har samstundes planar om å senda sabotørar for å sprenga brua. Dei leiande rollene vert spelte av William Holden, Jack Hawkins, Alec Guinness og Sessue Hayakawa. Manus er basert på ein roman av Pierre Boulle.

Filmen vann sju oscarprisar, blant anna for beste regi (David Lean), beste hovudrolle (Alec Guinness) og beste originalmusikk (Malcolm Arnold).

Mesteparten av filmen vart spelt inn på (noverande) Sri Lanka.

Samsvar med faktiske hendelser[endre | endre wikiteksten]

Handlinga til filmen er i stor grad fiksjon, men den er basert på den faktiske bygginga i 1943 av ei jernbanebru over (elva) Mae Klong (som nå kalles Khwae Yai), ved Tha Makham omlag fem kilometer fra den thailandske byen Kanchanaburi (i Kanchanaburi-fylket).[1][2][3]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Oscar-prisar[endre | endre wikiteksten]

Pris Person
Beste regi David Lean
Beste mannlege hovudrolle Alec Guinness
Beste kinematografi Jack Hildyard
Beste film Sam Spiegel
Beste filmklipp Peter Taylor
Beste originalmusikk Malcolm Arnold
Beste filmatisering Robert Bolt
Michael Wilson
Pierre Boulle
Nominert:
Beste mannlege birolle Sessue Hayakawa

Relevante historiske hendingar[endre | endre wikiteksten]

Handlinga i filmen er laust knytt til den faktiske konstruksjonen av ei jernbanebru over elva Mae Klong (som fekk eit nytt namn på 1960-talet, Khwae Yai), ved staden Tha Ma Kham, fem kilometer frå byen Kanchanaburi. Commonwealth War Grave Commission seier at «Den berykta Burma-Siam-jarnbana, bygga av krigsfangar frå Samveldet, Nederland og USA, var eit japansk prosjekt som hadde som føremål å betra kommunikasjonane for å forsyna den store japanske hæren i Burma. I løpet av anleggstida døydde kring tretten tusen krigsfangar, og dei vart gravlagde langs jarnbana. Ein rekner med åtti tusen til eitt hundre tusen sivile døydde i anleggstida, hovudsakleg tvangsarbeidarar frå Malaya og Nederlandsk India, eller frå Siam og Burma».[4] To arbeidsstyrkar jobba frå kvar sin ende av jarnbana, mot midten.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Davies, Peter (1991). The Man Behind the Bridge. Continuum International Publishing Group. 0-485-11402-X. 
  2. Summer, Julie (2005). The Colonel of Tamarkan. Simon & Schuster Ltd. 0-7432-6350-2. 
  3. Kanchanaburi to seek recognition of Death Railway as a World Heritage Site. The Nation (Thailand), 06-05-2018, hentet 06-05-2018.
  4. 4,0 4,1 Kanchanaburi War Cemetery