William Orpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, ca 1910
Zonnebeke, 1918

William Newenham Montague Orpen (27 november 187829. september 1931) var ein irsk-britisk kunstmålar fødd i Stillorgan i County Dublin. Han er særleg påakta som portrettmålar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Orpen var son til ein irsk advokat. Han studerte fyrst i Dublin og vidareførte studiane på Slade School of Fine Art i London. Orpen fekk sin fyrste pris i 1899 med det allegoriske måleriet Play Scene from Hamlet. I 1902 opna han eit atelier i London saman med Augustus John.

Ros frå John Singer Sargent og andre gjorde at Orpen med åra vart ein av dei mest etterspurde portrettmålarane i London. Han laga elles fleire eksperimentelle sjølvportrett, ofte med dramatiske framsyningar. Samstundes måla han mange verk med impresjonistiske motiv. Regelmessig reiste han til Irland for å arbeide der. Måleria hans frå denne perioden vert rekna til den irske renessansen, ei kulturell oppblomstring i fødelandet i byrjinga av 1900-talet. Etter påskeoppstanden i 1916, som han oppfatta som landsforræderi, sette han aldri sidan sin fot i Irland.

Under fyrste verdskrigen var Orpen tilsett som offisiell krigsmålar, knytt til den militære avdelinga 'War-Artist-Project'. I 1917 reiste han langs vestfronten i Frankrike og måla dei sjokkerande slagmarkane, men også offisielle portrett av offiserar og politikarar. Etter krigen var han i 1919 til stades som kunstnar ved underteikninga av freden i Versailles, der han laga eit stort lerretsmåleri.

Orpen vart sterkt gripen av det han hadde sett under verdskrigen. Han gav ut ei minnebok, og heldt fram med å måle bilete med krigsmotiv. Eitt av måleria, Til ein ukjend britisk soldat drepen i Frankrike, vart møtt med sterk kritikk i pressa. Han fjerna då frå måleriet to forkomne soldatar ståande ved ei likkiste, og 'Imperial War Museum' kjøpte inn verket i 1927.

Orpen døydde i London i 1931. Gjennom livet måla han meir enn 600 portrett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: William Orpen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]