John Singer Sargent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Sjølvportrett, 1906
Paul Helleu lagar skisser, saman med kona si, 1889
Gassa, 1919

John Singer Sargent (12. januar 185614. april 1925) var ein amerikansk-britisk kunstmålar, av mange halde som den fremste portrettmålaren i sin generasjon. Han vert først og fremst rekna som ein US-amerikansk kunstnar, trass i at han levde størstedelen av livet i Europa.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Sargent var fødd i Firenze i Italia, der foreldra hans var på reise. Gjennom det meste av barndomen var familien på reisefot, han studerte i Italia, Tyskland og seinare i Paris under Emile Carolus-Duran. Heilt frå han var ung merka han seg med framifrå måleteknikk, spesielt for evna til å teikne med pensel.

Han måla ei lang rekke portrett av den nordamerikanske og europeiske overklassa, omhylla av livfull eleganse. Mellom andre måla han dei US-amerikanske presidentane Theodore Roosevelt og Woodrow Wilson.

I seinare år uttrykte Sargent ambivalens over restriksjonane i arbeidet med portrett. Omkring 1910 skifta han stil og vigde seg til landskaps- og akvarellmåling. Han måla både veggmåleri og arbeidde som friluftsmålar («en plein air»). I landskapsmålinga hans kan ein ane impulsar frå impresjonismen.

Gjennom sitt liv som kunstnar skapte Sargent omtrent 900 oljemåleri og over 2 000 akvarellar, samt tallause skisser og kolteikningar. Motiva i kunsten hans dokumenterer verdsomspennande reiser; frå Montana, Maine, Florida, Venezia og Tyrol, Korfu, Palestina og Egypt, Alger og Tanger, Portugal og Spania, Skottland og Noreg.

Sargent budde i mange år i Paris. Han flytta til London i 1886, der han døydde i 1925.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: John Singer Sargent