Williwaw
Utsjånad
Ein williwaw er ein brå vindstøyt som kjem ned frå ein fjellendt kyst til sjøen. Opphavet til ordet er ukjend, men vart nytta av britiske sjømenn på 1800-talet. Det vart nytta i Magellansundet, Aleutane og kystfjordane i Alaska. Vindfenomenet er det same som piteraq på Grønland. Williwaw-vinden kjem av kald, tung luft frå snø- og isfelt i kystfjell på høge breiddegrader, som får ekstra fart av tyngdekrafta. Ein williwaw er derfor ein slags katabatisk vind.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Williwaw», WeatherOnline, henta 12. april 2020
- Denne artikkelen bygger på «Williwaw» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mentions Williwaw as an Aleut Word , from The Thousand Mile War
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: