Willy Favre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Willy Favre
Statsborgarskap Sveits
Fødd 24. september 1943
Ormont-Dessus
Død

19. desember 1986 (43 år)

Idrett alpint
Tok del i

Alpint under Vinter-OL 1968 – Storslalåm menn

Willy Favre (24. september 194319. desember 1986) frå Les Diablerets var ein sveitsisk skirennar. Han vann sølvmedaljen i storslalåm under OL 1968 i Grenoble.

Favre vart under vinter-OL 1964 i Innsbruck nummer fire i storslalåmrennet. Han kom også på fjerdeplassen i den alpine kombinasjonen, basert åttandeplassen i utfor og 14. plassen i slalåmtevlinga.

Under VM i alpint 1966 i chilenske Portillo vart han nummer 5 i kombinasjonen og nummer 6 i storslalåm. Hans beste resultat og einaste pallplass i verdscupen, var ein andreplass som han oppnådde 9. januar 1967 i storslalåmrennet i Adelboden. Dette var det tredje første verdscuprennet for menn i den alpine skisoga.

I storslalåmtevlinga under vinter-OL 1968 kom Favre i mål på sølvplassen, men han var over to sekundar bak den triple olympiameisteren Jean-Claude Killy. Han la deretter opp som skialpinist på høgste nivå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]