Willy Ustad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Willy Ustad
Fødd 16. mai 1946
Trondheim
Yrke forfattar

Willy Ustad (fødd 16. mai 1946 i Trondheim) er ein norsk forfattar.

Willy Ustad vart tilsett i Forsvaret 1963–75, deretter mellom anna tilsett ved Aker Verdal. Han debuterte med romanen Ulva fra Huldretjernet (1989), følgt av Ulvetid (1990). Fyrste bok i romanserien Fire søsken kom ut i 1992, og i 2001 vart serien avslutta med bok nummer 42. Han har også skrive fleire kortere seriar (mellom anna Opprør, 7 bind; Journalisten, 9 bind). Vidare har han gjeve ut ungdomsboka Et liv i dødens tid (1998) og ein science fiction-serie for ungdom i 6 bind (Vokterne i 1998 og vokternes hemmelighet i 1999 eller Ukjente makter, 1998–2003).

Seinare utgjevingar er Elvis Olsen lever (2006), Elvis Olsens åpenbaring (2007) Vokterne (2008) og Mysterier (2009).

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • Inderøy kommunes kulturpris 2002

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]